Informasjon om fritidsbustadprosjektet

Kvalitetsheving av data i Matrikkelen for fritidsbustadar

Bakgrunn for prosjektet

Skatteetaten, Kartverket og Statistisk sentralbyrå arbeider med ein ny verdsetjingsmodell for fritidsbustadar. Modellen bidreg til auka treffsikkerheit og likebehandling i formuesbeskatninga.

Eidfjord kommune, som lokal matrikkelmyndigheit, har ansvaret for å oppdatera matrikkelen. I samband med fritidsbustadprosjektet har kommunen motteke ei prioriteringsliste frå Kartverket for kvalitetsheving av fritidsbustadar.

Prioriteringsliste for arbeidet

  1.  Oppfølging av status for fritidsbustadar som har igangsetjingsløyve eldre enn tre år, men som ikkje er ferdigstilte i matrikkelen.
  2. Oppdatering av brukseining frå kode U (unummerert) til F (fritidsbustad), utan endring av bygningstype.
  3. Fritidsbustadar som ikkje er registrerte som fritidsbustadar.
  4. Fritidsbustadar der bustaden er knytt til feil eigedom.

Kunngjering og varsling

Matrikkelforskrifta § 10 handlar om retting, endring eller tillegg av opplysningar i matrikkelen m.m. For den delen av kvalitetshevingsarbeidet som blir rekna som registertekniske forhold, og som skjer likt for mange fritidsbustadar, har kommunen høve til å varsle om matrikkelføring gjennom kunngjering på heimesida. I tillegg kan det oppstå tilfelle der det er mest hensiktsmessig å varsla partar direkte.

Eigenregistrering

Målet med fritidsbustadprosjektet er at eigarar sjølve skal kunna oppdatera opplysningar i eigedomsregisteret. Kommunen rettar matrikkelen for å leggja til rette for eigenregistrering i året som kjem. Opplysningar som eigaren sjølv skal registrera er til dømes bruksareal, energikjelde, oppvarming, vatn, avløp og byggeår.

Les meir om prosjektet på Kartverket sine sider

For å finna opplysningar om din fritidsbustad kan du gå inn på SeEiendom.

Kontaktinformasjon

Spørsmål kan rettast til postmottak@eidfjord.kommune.no eller på telefon 53 67 35 00.