Informasjon om framtida til Sysendalen skisenter

Gjennom heile 2024 har Eidfjord kommune hatt samtaler for å få ein avklaring for framtida til Sysendalen skisenter. 

I kommunestyremøtet 28. oktober 2024 fatta kommunestyret fylgjande vedtak:

«Eidfjord kommune er svært positiv til å ha eit skisenter i Sysendalen, men Eidfjord kommune ynskjer ikkje å vidareføra kommunal drift av skisenter i 100% kommunalt eige. Grunneigarar og næringsliv må i lag med kommunen koma fram til ein framtidig eigarstruktur og driftsløysing. Om det vert kjøp eller leiga av areal, skal avklarast innan januar 2025.

Ordførar og rådmannen skal informera om prosessen fortløpande og leggja fram sak om struktur på drifta seinast innan april 2025.»

Bakgrunnen for at me ikkje vil vidareføra dagens modell i kommunal regi er ein pressa økonomisk situasjon for kommunen; sjå kapittel 2 til 5 i budsjettdokumentet. 

I tråd med vedtaket vil det verta lagt fram ei sak om ein eventuell vidare leigeavtale i kommunestyremøtet den 10.2.2025.  

Hyttemøte i vinterferien

Me har forståing for at mange er opptekne av framtida til Sysendalen skisenter, både hytteeigarar og fastbuande. Som i fjor vil Eidfjord kommune invitera til eit hyttemøte i vinterferien. Her vil me kunne koma med meir informasjon om vegen vidare. 

Fylg med på kommunen sine kanalar for dato og klokkeslett for hyttemøtet. 

Relevante linkar:

 

Eidfjord 30.12.2024
Timo Knoch
Ordførar