Influensavaksine og koronavaksine

Eidfjord legekontor tilbyr vaksinering mot influensa og koronavirus. Vaksineringa finn stad i kultursalen på Vøringfoss hotell 23.10.24. Du treng ikkje time, møt opp mellom kl 09:00 – 18:00

Om vaksineringa

  • Dersom du ynskjer begge vaksinene kan du få dei samme dag.  
  • Influensavaksina kostar 200kr (300kr for personar utanom risikogruppene).  
  • Koronavaksina er gratis.  
  • Anbefalt observasjonstid etter vaksinering er 20 minutt.  
  • Er du sjuk med akutt infeksjonssjukdom bør du utsetja vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

 

Tilrår vaksinering

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår influensa og koronavaksine til personar med auka risiko for alvorleg sjukdom:  

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Prematurt fødte born.
  • Born og voksne i risikogrupper