Har flaumvatn gravd ut, øydelagt plastring eller er det tette veiter? Meld frå

Flaumvatn kan grave og flytte på massar som kan føre til at vatnet tek nye vegar. Veiter og andre viktige tiltak for å leie vatn kan verta tetta. Plastringar kan verta øydelagte

Etter ekstremvèret Jakob er dette tilfelle fleire stadar. Kommunen ynskjer å kartleggja dette for å kunne vera førebudd ved neste høve. 

Veit du om slike tilfelle? Då vil me gjenre vita det. 
Send informasjon, gjerne med bilete, til postmottak@eidfjord.kommune.no 
Arkivsak 24/3404