Fritidsklubben arrangerer skitur til Myrkdalen med hotellovernatting 10-11 februar

Er du ungdom i alderen 7.klasse – 18 år frå Eidfjord ynskjer me i fritidsklubben å invitera deg med på tur til Myrkdalen. 

Når: 

  • Reisa frå Eidfjord 10. februar kl.08.10 
  • Reiser heim frå Myrkdalen 11. februar. Tilbake i Eidfjord ca. kl. 19.00

Kva kostar det: 

Dei som ynskjer å vera med må betala bussbillett sjølv tur/retur. 
Det vil verta ein eigenandel på kr.200. Dette dekkjer hotellovernatting, to dagers heiskort, frukost og pizzabuffet.

Fylgjepersonar:

For å kunna reisa må me ha minimum to føresette med utanom Lynna, de får sjølvsagt dekka overnatting, heiskort og mat. Kjekt om de ynskjer å melda dykk på som frivillig. Me må ha minimum 10 påmeldte innan fristen og 2 vaksne for at turen skal verta arrangert.

Påmeldingsfrist:

Laurdag 20 januar. Send melding til Lynna på tlf. 95427993

Betaling: 

Vipps  – Søk opp nummer 569428 – Skitur til Myrkdalen. 
Betal 200kr, merk med namn på ungdommen som skal vera med. Dette skal gjerast innan fristen for påmelding (20/1).

Er det spørsmål/beskjedar ang. allergiar og liknande, ta kontakt med oss. 

Kontakt

Kari Lægreid
Førebyggingskoordinator
E-post
Mobil 95 10 22 55