Forslag til ny lokal forskrift om godtgjersle til folkevalde

Eidfjord kommune sender med dette på høyring forslag til forskrift om godtgjersle til folkevalde.

Forskrifta omfattar medlemer i folkevalde organ og andre politisk valde representantar i styre, råd og 
utval jf. kommunelova § 5-1 og § 5-2, og som er fastsett i den til ei kvar tid gjeldande politiske 
organiseringa i Eidfjord kommune. 

Føremålet med forskrifta er å sikra folkevalde godtgjering og utgiftsdekning i samband med deira kommunale verv som folkevalde.
Eidfjord kommune skal opplysa saker så godt som mogeleg før det vert fatta vedtak. Høyring gjer at 
innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få sei si meining, og kunna ha kontroll med kva 
forvaltninga gjer, og korleis den utfører oppgåvene sine.

Dokumenter

Forskrift om godtgjersle til folkevalde i Eidfjord kommune (PDF, 298 kB)

Høyringsnotat 

Ny kommunelov slår fast at kommunestyret skal gje forskrift om folkevalde si rett til dekning av 
utgifter og økonomisk tap (§ 8-3), arbeidsgodtgjersle (§ 8-4), ettergodtgjersle (§ 8-6) og permisjonar 
(§ 8-10). Kommunestyret har tidlegare fastsett reglar om dekning av utgifter, økonomisk tap og 
arbeidsgodtgjersle etter kommunelova av 1992 §§ 41 og 42. 

Det som er nytt, er at reglane skal inn som forskrift. Dei folkevalde sine økonomiske rettigheiter kan 
ikkje lenger regulerast i reglement som har ein litt forenkla ramme når det gjeld sakshandsaming og 
utforming. Det er og nytt at kommunestyret sjølv, skal gje forskrift om ettergodtgjersle og 
permisjonar. 

Ved utarbeiding av høyringsutkast til forskrift, vart det tatt utgangspunkt i kommunelova, 
departements mal og vedtak k.sak 23/057 
"Regelverk for arbeidstilhøve og godtgjersle for folkevalde 2024-2027". 
Vidare var det sett til hhv. Voss og Ullensvang sine forskrifter.

Med dette utgangspunktet er innhald i gjeldande reglement om godtgjersle blitt vidareført med visse 
tillegg/endringar. 

Høyringsfrist 

Høyringsfrist er sett til 5. Juni 2024. 
I høyringsperioden er det ope for at alle som ynskjer det kan koma med innspel på høyringa. Høyringsinnspel som kjem etter det vil ikkje verta vurdert. 

Innspel skal sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no eller i brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord