Flyfotografering og nye kartdata

Eidfjord kommune skal i samarbeid med andre aktørar som Statens kartverk, NVE, Statens vegvesen og fleire andre gjennomføra nykartlegging og laserskanning i delar av kommunen.

Informasjon om prosjektet

Datafangsten vil føregå våren og sommaren 2025.

I førekant av kartlegginga vil du kunne møta på landmålarar som er ute og signalerer. Å signalere betyr å måla kvite firkanter på bakken, eller å leggja ut plater. Desse skal nyttast når kommunen blir flyfotografert.   

Me vonar alle vil ta dei godt i mot og la merka vera i fred. Matrikkellova gjev lovfesta rett til å plassera signal på privat og på offentleg grunn. Plasseringa til fastmerka/signala er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjera i felt. 

Alle merka må plasserast der det er føremålstenleg for kartlegginga.  Takk for at du ikkje dekkjer til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Me vil alle nytta godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført.

Nye kartdata vil bli tilgjengelege i starten av 2026.

Les meir om prosjektet på Kartverket sine heimesider.

Kontakt

Bente Elin Hereid
Oppmålingsansvarleg
E-post
Telefon 53 67 35 00
Mobil 91 86 01 65