Er du førebudd på komande turistsesong? 

Eidfjord kommune inviterer til foredrag for næringsdrivande, arrangørar og andre aktørar om smittevern for turistsesongen 2021. Torsdag d. 25 mars kl. 12:00 – 14:30 i kinosalen.

Påmelding

Formål

Formålet med foredraget er å gjera deg tryggare på smittevern i di verksemd. Få betre forståing av ulike smitteverntiltak og kva planar du bør ha på plass. 

Deltakarar

Kvar verksemd har høve til å invitera leiarar eller andre tilsette med, men med ei grensa på max 3 personer pr verksemd. Påmelding er nødvendig. 

Program

  • Hardanger Næringshage vil leia foredraget 
  • Kommuneoverlege Rita Høvset vil gå igjennom ansvars- og rollefordeling mellom verksemd og kommune i ein smittesituasjon.  
  • Smittevernkonsulent Clara Marie Nygaard presenterer nytt tilbod om risikoanalyse og beredskapsplanlegging til næringsdrivande i Eidfjord. 

Spørsmål

Har du konkrete spørsmål du ønskjer at me skal ta opp på møtet, kan du gjerne senda desse i forkant til clara-marie.nygaard@eidfjord.kommune.no

Teams

Som konsekvens av gårsdagens nye retningslineer, vel me å halda foredraget via teams. Alle påmeldte vil få møteinnkalling via epost. Det er framleis opent for påmelding.