Ekstremvêret Hans

Ekstremvêret Hans herjar mest i austlege deler av landet vårt, men også her i vest er det merkbart.

Gult nivå

For Eidfjord kommune sin del er det gult nivå på jord- og flaumskredfare. Det er venta mykje regn både måndag og tysdag. Me har ikkje utfordringar no, men me vil fylgja situasjonen både i dag og i morgon. 

Dersom situasjonen endrar seg vil me koma med meir informasjon om nødvendig. 

Du kan sjølv halda deg oppdatert om situasjonen, og du kan ta  nødvendige omsyn ved å fylgja oppdateringar/råda på Varsom.no