Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberdskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjera for å førebu deg på kriser.

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i ei veka. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjera.

“Sjølv om krig i Noreg er lite sannsynleg i dag, så kan det oppstå andre situasjonar som vil gjera det naudsynt at me må kunne klara oss på eigen hand i ein periode; det gjeld naturkatastrofer, helsekriser eller andre nødsituasjoner. Her er det avgjerande at me alle er forberedt. Eg vil difor oppfordra alle innbyggjarar til å fylgja dei nasjonale råda!"

Ordførar Timo Knoch

Om eigenbereskapsråda

Eigenberedskapsråda som vert presentert i brosjyren, vart oppdatert i 2024. Dei vart lansert på www.sikkerhverdag.no i mai.

Hensikta med råda er at ein skal vera i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunn for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvèr, og samfunnet si avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Verdas tryggaste – og likavel sårbar

Noreg er ein av verdas tryggaste og stabile land å bu i, men me er vant med at det meste fungere som det skal. Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønska hendingar òg oppstå hjå oss. Og dersom me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som vil trenge hjelp samstundes.

Er du førebudd? 

Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? 

Straumbrot kan gjere at det ikkje kjem vatn i springen, og føre til at kloakksystem, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og utstyr til matlaging ikkje fungerer som normalt. 

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike situasjonar og du er ein del av beredskapen i Noreg.

Informasjon gjennom veka

I Eidfjord har me brosjyren på ukrainsk og engelsk til utdeling på Røde kors omsorg og hjå flykningekoordinator.Eller du kan laste dei ned på ulike språk her; Informasjon om eigenberedskap på ulike språk | Sikkerhverdag 

Det vil verta publisert fleire informasjonsartiklar på heimesida vår iløpet av veka og det er lage til ein liten informasjonspost i resepsjonen på kommunehuset. 

Kontakt

Åshild Djønne Eriksen
Konsulent Drift & Forvaltning/Beredskapskoordinator
E-post
Mobil 97 76 71 80