Eidfjord står saman med UkrainaDet har gått endå eit år sidan Russland sin brutale invasjon av Ukraina i 2022. For dei som måtte flykta frå krigen, er denne dagen ei vond påminning om alt dei har mista – heimane sine, tryggleiken sin, og kanskje nokon dei var glade i. Publisert 24.02.2025 13.28 Sist endra 24.02.2025 13.38 Samstundes ser eg med uro på utviklinga i verda så langt i 2025. Med aukande uro knytt til USA sin global utanrikspolitikk, deira forhold til Europa og den pågåande krigen på vårt kontinent, er det viktigare enn nokon gong at Noreg, saman med resten av Europa, står fast ved Ukraina si side. Ukraina kjempar ikkje berre for seg sjølve, men for verdiane me alle held kjære: fridom, demokrati og retten til å leva utan frykt.Krigen har drive mange på flukt. Her i Eidfjord har me òg fått sambygdingar frå Ukraina. Det er lite me kan gjera herfrå med dei store spørsmåla på den internasjonale politiske scena. Det me kan gjera er å vera gode, hjelpsame og støttande naboar, kollegaer og vener for dei som er her!Som Tolkien skreiv: «Nokon trur det berre er stor makt som kan halda vondskapen i sjakk, men det er ikkje det eg har funne. Det er vanlege folk sine små kvardagsgjerningar som held mørket i sjakk. Små handlingar av godheit og kjærleik.»Ordførar Timo Knoch