Driftsmelding - Krevjande vær og føre.

Det er krevjande forhold ute på vegane i kommunen i dag, som varsla. 

Alt kommunen har av tilgjengeleg mannskap er ute for å mellom anna halda vannvegar opne. Enkelte område er meir utsatt for overvatn, desse områda har kommunen ekstra fokus på. 
Me oppmodar innbyggjarar om å sikra frie vassvegar nær eigen bustad.

Enkelte gangvegar og vegar kan vera glattare enn andre, og det er utfordrande at strøsanden renn vekk grunna nedbør og snøsmelting. 

Vurder behovet for ut å ferdast i dag - og om du må ut, ta det med ro og ta hensyn til naturkreftene og følg med på vêr - og trafikkmeldingar. 

Eigen sak for vèr og farevarsel