Høyring på lokale forskrifter etter ny opplæringslov 01. august 2024.

Kommunar og fylkeskommunar pliktar å sørgja for høyring, vedtak og offentleggjering av eigne lokale forskrifter i samsvar med ny opplæringslov som trer i kraft 01.august 2024. 

Den nye opplæringslova inneheld fleire avgjerder der kommunar og fylkeskommunar skal gje forskrifter. 

Høyringsutkast for lokale forskrifter i Eidfjord kommune

Dette følgjer 5 høyringsutkast til forskrifter kommunen skal gjera:


Alle 5 forskrifter skal kunngjerast på Lovdata. Frist for å kunngjera dei nye forskriftene som 
kommunane skal gjera, er 01.august 2024. 

Før kunngjering må dei vera høyrde og vedtekne i Eidfjord kommunestyre 17.06.2024. 
Eidfjord kommune skal opplysa saken så godt som mogeleg før det vert fatta vedtak i Kommunestyre.

Høyring gjer at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få sei si meining, og kunna ha kontroll med kva kommunen gjer, og korleis den utfører oppgåvene sine.
Når høyringsfristen er avslutta og ein har teke stilling til innspela, skal forskrifta vedtakast av Eidfjord kommune.

Høyringsfrist

Høyringsfrist er sett til 5. Juni 2024. 
I høyringsperioden er det ope for at alle som ynskjer det kan koma med innspel på høyringa. Høyringsinnspel som kjem etter det vil ikkje verta vurdert. 

Innspel skal sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no eller i brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord