Planprogram

Planprogrammet skal setja rammene med sentrale tema og mål for rulleringsprosessen. Programmet tek føre seg dei store linene og temaa for kommunen sitt areal. Dokumentet vert vedteke av Eidfjord kommunestyre 17.10.2022.

Planprogram (PDF, 2 MB)

Pbl. § 4-1 syner at ved utarbeiding av regionale planar og kommuneplanar som kan ha verknad for miljø og samfunn, vert det kravd som eit ledd i varslinga av planoppstart, utarbeiding av eit planprogram. Planprogrammet skal gjera rede for føremålet med eit planarbeid, planprosessen med frister, plan for deltaking og medverknad.

Les vedteke planprogram (PDF, 2 MB) til rullering av kommuneplanen sin arealdel.

Dei sentrale temaa framlagd i planprogrammet er i hovudsak bassert på gjeldande samfunnsdel, samt politiske ynskjer og naudsynte oppdateringar siden sist arbeid på arealdelen vert gjennomført. Tema me tek opp er:

  • Bustad og fritidsbustad
  • Handel, næring og turisme
  • Infrastruktur
  • Natur, kultur- og friluftsverdier
  • Nytting av sjøareal
  • Mineralressursar
  • Klausulering av vasskjelder
  • Bu
  • Arealrekneskap

Kontakt

Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 35 00
Mobil 48 35 75 52