Innspel til kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen er ein plan som gjeld for heile kommunen, og syner framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Planen vil syna ulike farger for ulike områder, dette vil sei noko om kva ein kan utvikla i området.

Innspel

Frå 1. oktober 2022 til 31. mars 2023 har kommunen opna for å gje innspel til kommuneplanen gjennom folkemøter, temamøter og innsending av innspel. Vinduet for innspel er no lukka, og me påbegynnar arbeidet med å sila elementer og tema me skal arbeida vidare med i planarbeidet.

Me skal utarbeida planen gjennom 2023 ut over våren 2024, og vonar eit forslag lagt på høyring haust 2024.

Kva skjer med innspela som er gjeve?

Alle innkomne innspela er vurdert etter ein felles metodikk for KU og ROS. Planprogrammet (PDF, 3 MB)har lagt føringar for kva me vil prioritera i silingsprosessen.  Føremålet med ei konsekvensutgreiing (KU) er at den skal skildra og vurdera planen sine verknader for miljø og samfunn i tråd med krav i forskrifta om konsekvensutgreiingar. KU-en vurdera områdets verdi, tiltaket sitt omfang, konsekvens for området og om temaet er i tråd med planprogrammets fokus. Ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) skal vurdera innspela i ljos av farelementer relatert til skredproblematikk, klimaendringar og auka vassføring. Dersom det vert føreslegen utbygging i områder kor det er stor usikkerheit knytt til samfunnstryggleik, og beredskap, skal innspelet avvisast eller setjast krav om ytterlegare utgreiing og eventuelt sikring før ei eventuell utbygging. ROS-en vurdera opp mot samfunnsverdiar som liv og helse, natur og miljø og materielle verdiar. KU- og ROS-systemet kan de lesa meir inngåande om i vedlegget kor ROS og KU er gjennomført for kvart enkelt innspel. Her beskrives metodikken i detalj.

Den politiske styringsgruppa har gjennomgått og vurdert alle innspela, i ljos av gjennomført KU og ROS. På bakgrunn av dette har dei teke val på kva innspel ein skal arbeida vidare med og kva innspel ein ikkje kjem til å arbeida vidare med. I drøftinga av nokre innspel har det vore ueinigheit, desse har vorte drøfta i formannskapet og votert over i møte.

I innspelsrunda er det kommet inn nokre innspel som vert vurdert som “generelle”.  Desse innspela er ikkje koordinatfesta, gje ein føring for arbeidet eller er eit innspel som ein ikkje kan handsama i overordna kommuneplan. Desse kjem fram i KU og ROS-en og vert ikkje vurdert gjennom same metodikk som dei koordinatfesta innspela.

Nokre innspel har styringsgruppa ikkje hatt høve til å vurdera eit resultat av grunna andre pågåande prosessar. Innspela knytter seg i stor grad mot høgfjellet; Hardangervidda og Rv. 7. Det er semd i gruppa om at det må gjerast tiltak på felta, dog er me avhengige av kva som skjer på andre fronter før ein kan gjera konkrete val for dei ulike elementa. Styringsgruppa vonar me får klarheit i regionale og nasjonale føringar i løpet av våren og sommaren som kan sei noko om kva val ein bør gjera i forhold til innspela.

Me gjer oppmerksom på at etter plan- og bygninglova har ikkje kommunen plikt til å informera forslagsstillare om korleis deira innspel vert behandla undervegs i planprosessen. Det er heller ikkje klagerett på ein vedteken kommuneplan. Prosjektleiinga vil undervegs i prosessen orientera kommunestyret, og i samband med dette gje statusmeldingar på heimesida.

Viss arealinnspelet er i strid med kommunens målsetnader, nasjonale eller regionale føringar, kan forslaget bli avvist. Manglande behov for arealbruken, kan også vera grunn til at innspelet ikkje vert prioritert.

Politisk handsaming av innkomne innspel

I sak 24/050 handsama Eidfjord formannskap dei innkomne innspela i april 2024.  

Dokument frå sakshandsaminga:

Innspel som ein skal arbeida vidare med blir arbeida inn i utkast til kommuneplanen sin arealdel.

Når ny kommuneplan er vedteken, vil alle konkrete innspel som er teke inn i planen få attendemelding.

Artikkelliste