Kommuneplanen sin arealdel hadde oppstart i overgangen 2021-2022. Våren 2022 vart nytta til utforming av planprogrammet til kommuneplanen sin arealdel. Vidare forsatte me inn i ein informasjon- og opplysningsbolk i samband med innspelsrunda. Administrasjonen arrangerte folkemøter for å informera om kommuneplanprosessen, vekka tanker hos innbygjarane og be om innspel til planen. Innspelsperioden var frå oktober 2022 til mars 2023. Undervegs vart det arrangert temamøter med bakgrunn i diskusjonstema frå folkemøta.
Planforslag
Administrasjonen har saman med ei politisk styringsgruppa arbeida fram eit forslag til kommuneplanen sin arealdel for perioden 2025-2035 (planid: 2022001). Då gjeldande kommuneplan vart laga, gjaldt plan- og bygningslova av 1985. Siden den gang har me fått ny plan- og bygningslov av 2008, og denne har andre føringar for utforming av kommuneplanen sin arealdel.
Ny kommuneplan inneber oppdaterte og utfylte føresegner som fylgjer plankartet. Plankartet er oppdatert til ny SOSI-standard for arealføremål. Innhaldet i plankartet er mykje likt som gjeldande plan, med nokre nye elementer. Etter politisk avgjersla har ein valt å ta inn få nye områder til fritidsbustadbygging, fokusera på utbygging i eksisterande områder og framtidige områder frå gjeldande kommuneplan. I planarbeidet har ein arbeida inn samtlige stølsområder frå gjeldande kommuneplan med avgrensing av områder i LNFR spreidd fritidsbustad og tilhøyrande retningsliner. Ein har valt å regulera inn kraftverksinstallasjoner i fjellet for å unngå unødvendige dispensasjonar frå kommuneplan. Når det gjeld bustad har valt å forsterka spreidd bustadbygging gjennom å regulera areal for LNFR spreidd bustad i grendene.
Ny arealbruk per grend kan sjåast i vedtak 25/021 (PDF, 921 kB) frå Eidfjord formannskap.
Fullstendig planforslaget, samt dokumentasjon frå prosessen ligg tilgjengeleg på arealplaner.no.
Kart kan sjåast digitalt i kommunen si kartløysing.
Innspel til planforslaget
Kommuneplanen sin arealdel skal ligga på hørings i 8 veker. Det vil vera mogleg for innbyggjarar, interessentar og mynder å komma med merknader eller innspel til planen. Innspel og merknader til planen kan formidlast via:
Ved innspel via e-post eller post ber me om at forsendelsen vert merka med sak 24/1064.
Frist for å gje innspel og merknader til planen er 18.05.2025.
Innkomne merknader vil verta gjennomgått. Eventuelle nye innspel som kjem, vil etter frista verta vurdert etter same konsekvensutredning- og risiko- og sårbarheits-metodikk som innspela frå starten av prosessen. Den politiske styringsgruppa vil vera aktiv i prosessen med vurdering av innspela. Innspela vil på lik lina som innspel i første runde, verta vedtekne av formannskapet om dei skal arbeidast vidare med eller ikkje.
Høyringsmøter
I høyringsperioden vil administrasjonen arrangera høyringsmøter kor ein vil gjennomgå forslag til kommuneplanen og vera tilgjengelige for spørsmål. Høyringsmøta vil føregå i dei ulike grendene, på lik lina som ved folkemøta i oppstarten. Målsetnaden med høyringsmøtene er å orientera om verknaden av kommuneplanen og kva endringer som er førespegla. Innhaldet i møtene vil verta det sama på alle stadene, dog med eit naturleg fokus på grenda.
Høyringsmøte Eidfjord
Mandag 7. april kl. 18:00-20:00
Stad: kultursalen, Vøringfoss hotell
Høyringsmøte Bu
Tirsdag 8. april kl. 18:00-20:00
Stad: Bu grendahus
Høyringsmøte Øvre Eidfjord
Onsdag 9. april kl. 18:00-20:00
Stad: Hardangerviddahallen, Norsk natursenter
Høyringsmøte Sysendalen
Fredag 2. mai kl. 16:00-18:00
Stad: Sysendalen skisenter