Miljøfyrtårn

Eidfjord kommunehus er det fyrste av dei kommunale bygga som er godkjendt som miljøfyrtårn. 

Klimaendringar er denne tida si største utfordring, og behovet for synlege verkemidler i klimapolitikken er veksande. Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, der målet er å heva miljøprestasjonane. Norske kommunar er viktige aktørar for å redusera klimagassutslipp i Noreg. Det kan dei gjera gjennom eigen drift, og dei kan gjera det gjennom å påverka andre aktørar – særlig næringslivet.

Eidfjord kommune har byrja å ta ansvar for å betra miljøprestasjonar i eiga drift ved å miljøsertifisera kommunehuset i 2018. Dette inneber mellom anna å levera ein årleg klima- og miljørapport. Er du næringsdrivande i Eidfjord og ynskjer å miljøsertifisera bedrifta di? Ta kontakt med Eidfjord kommune sin miljøfyrtårnkoordinator, Timo Knoch.

Nettsida til Miljøfyrtårn inneheld meir informasjon om ordninga

Kontakt

Ellen Trulsdatter Astrup
Rådgjevar for klima og berekraft
E-post
Mobil 90 52 47 84

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00