Klima

Menneskeskapte klimaendringar er ein av dei største utfordringane me står ovanfor i dag, både lokalt og globalt. I desember vedtok Eidfjord kommune ein ny kommunedelplan for klima og energi som har som målsetjing å redusera lokale utslepp med 40% innan 2030.

Målsetjing

Ei overordna målsetjing for planen er å sikra ein institusjonalisering, kontinuitet og strategisk tilnærming i arbeidet med klima og energi i Eidfjord kommune dei komande 10 åra. Dette vert gjenspegla i to av dei tre prioriterte tiltaka for 2021. Eit klimaråd skal både sikra forankring i kommuneleiinga og vera eit tverrfagleg forum som skapar samhandling i adminstrasjonen kring klimaspørsmål. Miljøfyrtårn-sertifisering etter hovudkontormodell vil gje kommunen eit heilheitleg, strategisk verktøy for å måla klima- og miljøprestasjonar i eiga drift.  Det tredje prioriterte tiltaket, auka kunnskap om klimatilpassing, er ei vidareføring frå førre plan.

Togradersmålet

I dei internasjonale klimaforhandlingane har verdas land vorte einige om å avgrensa temperaturstigninga på jorda mellom år 1850 og 2100 til under 2 grader, det såkalla togradersmålet. I Parisavtalen er dette målet skjerpa til 1,5 grader, og dei har også vorte einige om at verda skal verta klimanøytral i løpet av siste halvdel av dette århundre, dvs. at det ikkje skal sleppast ut meir CO2 enn det naturen kan ta opp.

Klimadugnad

Jo varmare verda blir, jo større blir effekten av klimaendringane. Me håpar at innbyggjarane og næringslivet vil delta aktivt i ein klimadugnad og vera med å forma Eidfjord si berekraftige framtid.

 

 

Utslepp av klimagassar i Eidfjord kommune

Presentasjon frå folkemøte om klima (PDF, 4 MB)

 

Kontakt

Ellen Trulsdatter Astrup
Rådgjevar for klima og berekraft
E-post
Mobil 90 52 47 84

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00