Barnas talsperson i plan- og byggjesakerBarnas talsperson skal bidra til at barn og unge sine interesser skal verta betre synleggjort og vareteke i all plan- og byggjesakshandsaming etter lova. Representanten skal ha fokus på trygge og gode oppvekstvilkår, samt sikra områder som gjer grunnlag for god helsa. Publisert 04.10.2023 11.06 Sist endra 14.11.2023 08.56 Gjennom planlegging og utbygging skjer det endringar i nærområdet som påverkar tilgangen på areal rundt oss. Barn og unge er gruppa i befolkninga som nyttar uteareala mest, for dei har nærmiljøet stor betydning. Lovheimel for Barnas talsperson Rikspolitiske retningsliner for å styrka born og unge sine interesser i planlegginga vart vedteke i statsråd 1. september 1989. Retningslinene legg føringar for korleis barn og unge skal ivaretakast i planlegginga. Desse har vorte vidare forankra i plan- og bygningslova gjennom §3-3 tredje ledd som legg føringar for at kommunestyret skal sørga for å etablera ein særskilt ordning for å ivaretaka barn og unges interesser i planlegginga. Funksjon Barnas talsperson skal delta aktivt i plan- og byggjesaker som gjer verknader for barn og unge. Representanten kan gje innspel og uttaler til pågåande prosessar på byggjesaker, reguleringsplanar og overordna planarbeid. Barnas talsperson kan delta i møter med administrasjonen i kommunen, samt i politiske møter som formannskaps- og kommunestyremøter. Ta kontakt Barnas talsperson i Eidfjord er BTI koordinator Anja Helene Bergo. Vara er sosiallærar ved Lægreid skule, Liv Kristoffersen. InstruksTil rolla er det nedsett ein instruks for arbeidet. Instruksen tek føre seg elementer som Barnas talsperson kan/bør uttala seg kring.Instruks Barnas talsperson (PDF, 156 kB)