I løpet av hausten 2022 ferdigstilte NVE overvakingssystemet som gjer at Tussafoten er kontinuerleg overvåka. Overvakinga skal gje grunnlag for å varsla og evakuera i god tid før eit eventuelt skred utviklar seg. Det er ikkje sett noko tid for utløysing, det kan skje om 10 eller 1000 år, ingen veit når, me veit bare at det kjem.
Overvakinga består av fleire redundante system for å sikra uavhengige målingar :
- Totalstasjon plassert på Turtalinuten som målar posisjoner til 18 prismer i det ustabile fjellpartiet. Ein laser målar avstand og vinklar, og berekner posisjon og bevegelser.
- På Sæbø skule i Øvre Eidfjord står ein bakkebasert radar som måler mot Tussafoten. Radaren målar avstander og bevegelser i fjellpartiet. Eit slikt instrument måler opp til 3 km i luftlinja.
- Både i det ustabile, og på det faste partiet står totalt tre hjørnereflektorer som måles regelmessig fra satellitt, og bevegelser i satellittens siktretning registrerast.
- GPS-antenner, to i det ustabile partiet og ein på det faste fjellet. Desse viser nøyaktig posisjon, som endra seg over tid når fjellet beveger seg.
- Ved totaltstasjonen står eit webcamera med 360 graders rotering og moglegheit for zooming. Kameraovervåkinga er etablert for å inspisera skredområder og sjekka vêrforhold
- I samband med totalstasjonen og kameraet er det monter ein k limastasjon for å fylgja med på vær, vind og temperatur. Dette for å læra meir om korleis ytre krefter påverka objektet.
Instrumenteringa som kontinuerleg overvåka Tussafotens bevegelse består av mange installasjoner og instrument. Dei ulike systema skal fungera uavhengig av kvarandre, og slik skal ein ha oversikt over bevegelse heilt fram til eit eventuelt skredet løsna.
Tussafoten - NVE
Fjellskredvarsel Tussafoten - varsom.no