Bygging i Øvre Eidfjord

I samband med endeleg rapport for Tussafoten i Øvre Eidfjord skjer det endringer i korleis ein kan nytta areal og bygningar i området. Artikkelen syner til TEK 17 kapittel 7 med krav til sikkerheit for skred.

Store deler av Øvre Eidfjord ligg under ei av dei to faresonene for mogleg fjellskred frå Tussafoten. Faresonene er definert i:

  • Faresone 1/1000 (oransje) under sikkerheitsklasse S1
  • Faresone 1/5000 (gul) under sikkerheitsklasse S2

Sjekk farekartet i lenka under om du skulle vera usikker kva område du fell inn under. 

Sjå faresonekart for Øvre Eidfjord

Sikkerheitsklassar for skred

For byggverk i skredfareområde er det definert tre sikkerheitsklassar for skred, inndelt etter sannsyn for og konsekvens ved skred. Sikkerheitskrava i dei tre klassane er sett ut i frå at sikkerheiten skal ivaretas både for menneskeliv og for materielle verdiar. I vurderinga av kva sikkerheitsklasse byggverket kjem i, må det tas omsyn til konsekvensar for liv, helse, økonomiske verdier og andre samfunnsmessige konsekvensar. Miljøkonsekvensar er omfattet av samfunnsmessige konsekvensar.

Når det skal vurderast kva sikkerheitsklasse eit byggverk skal plasserast i må dei angjevne dømene i preaksepterte ytingar normalt leggast til grunn. For byggverk som ikkje er angjevne under preaksepterte ytingar, må plasseringen i sikkerheitsklasse vurderast i det enkelte tilfelle ut frå konsekvensene ved skred. Dersom byggverket er sammenliknbart med eit byggverk angjeve under preaksepterte ytelser, må dette inngå i grunnlaget for vurderinga.

Tilfredsstillande sikkerheit mot skred er angjeve som den største nominell årlig sannsyn for skred. Sannsynet som er oppført i tabellen i forskriften, angir det årlige sannsyn for skredskadar av betyding, det vil sei skred med ein intensitet som kan medføra fare for liv og helse eller større materielle skadar. Dette innebær at ein for dei fleste skredtypar kan redusera utløpsområdet i forhold til det maksimale utløpet til skred med det aktuelle sannsynet.

Kravet i forskriften er formulert ut i fra at desto større konsekvensen av skred kan være, desto lågare nominellt sannsyn for skred kan aksepterast. Dette gjenspeilast i dei tre sikkerheitsklassane for skred.

Etter TEK 17 §7-3 Sikkerheit mot skred ligg Øvre Eidfjord i kategori S1 og S2. Det skal vera låg eller middels konsekvens ved skred, og det største nominelle sannsynet som er lovlig i sonen er henholdsvis 1/100 og 1/1000.

Tabell: Sikkerheitsklasser ved plassering av byggverk i skredfareområde

Sikkerheitsklassar for skred Konsekvens  Største nominelle årlige sannsyn
S1 liten 1/100
S2 middels 1/1000
S3 stor 1/5000

 

Sikring mot skred

Sikkerheitskravene i ander ledd kan oppnås enten ved å plassera byggverket utanfor området, slik at sannsynet for skred er mindre enn minstekravet i forskrifta, eller ved sikringstiltak som redusera sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal, eller ved å dimensjonera og konstruera byggverket slik at det tolar belastningane eit skred kan medføra. Der det er praktisk mogleg bør ein velga det fyrsta alternativet, det vil si å plassera byggverket utanfor området slik at sannsynet for skred er mindre enn minstekravet i forskrifta.

Forutsetningen for å plassera byggverket i område der sannsynet for skred er større enn minstekravet i forskriften, er at det gjennomføres sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhørende uteareal, til det nivået som er angitt i forskriften, eller ved å dimensjonere og konstruere byggverket slik at det tolar belastningene eit skred kan medføre.

Bygninger kan dimensjonerast til å tola krefter fra skred dersom skredlasta ikkje er for stor. Maksimal skredlast bør ikkje være større enn anslagsvis 50 kPa.

Preaksepterte ytelser

Sikkerheitsklasse S1

Sikkerheitsklasse S1 omfatter for eksempel byggverk der det normalt ikkje oppholdar seg personar og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Byggverk som kan inngå i denne sikkerheitsklassen er:

  • garasje, uthus og båtnaust
  • mindre brygger
  • lagerbygning med lite personopphold

Enkelte mindre tilbygg, påbygg, ombygginger og bruksendringer er omfattet av sikkerheitsklasse S1, se tredje ledd (3).

§ 7-3 tredje ledd (3):

(3) Sikkerheitsklasse S1 omfattar også fylgjande tiltak der tiltaket har liten konsekvens for personsikkerheit og ikkje omfattar etablering av ny brukseining

a) eit tilbygg, eit påbygg eller underbyggjing inntil 50 m2 BRA i byggverkets levetid

b) bruksendring og ombyggjing inntil 50 m2 BRA

Tredje ledd omfatter ikkje tiltak som føra til etablering av virksomhet som inngår i § 7-3 første ledd (1). 

§ 7-3 første ledd (1)

(1) Bygninger som er avgjørande for nasjonal eller regional beredskap og krisehåndtering skal ikkje plasserast i skredfarlig område, dersom konsekvensen av eit skred, herunder sekundærvirkninger av eit skred, vil føra til at beredskapen svekkast.

Sikkerheitsklasse S2

Sikkerheitsklasse S2 kan til dømes vera byggverk der det normalt oppholda seg maksimum 25 personer, eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvenser. Byggverk som kan inngå i denne sikkerheitsklassen er:

  • einebustad, tomannsbustad og einebustader i kjede/rekkehus/bustadblokk/fritidsbustad med maksimum 10 bueiningar
  • arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad kvar det normalt oppheld seg maksimum 25 personer
  • driftsbygning i landbruket
  • parkeringshus
  • havneanlegg