Reglar for tilskot til oppgradering av utleigeboligar

Eidfjord kommunestyre vedtok i budsjettet for 2024 og setta av 2.000.000 kr til oppgradering av utleigebustadar, finansiert frå bustadfondet.

Mål

Overordna mål om å få fleire utleigebustadar på marknaden. Tiltskotsordninga skal stimulera til at
innbyggjarar får tilrettelagt og klargjort leilegheit/bustad for fast utleige.

Søk tilskot til oppgradering av utleigebustad

Reglar for ordninga

  1. Søknadsfrist 1. mai og 1. oktober. Sakshandsamingstid ca. 3 veker etter søknadsfrist.
  2. Kvar einskild søknad må vera knytt til ein bustad. Tilskotsordninga tek ikkje omsyn til
    godkjenning etter plan og bygningslova. Søkjar har ansvaret for at alle tiltak er / vert
    godkjent for utleige. Oppgraderinga må førehandsgodkjennast.
  3. Det vert innvilga inntil 20% av totalkostnad for tiltaket, begrensa opp til kr 200.000
  4. Føresetnadar for søknad og tildeling av tilskot:
    a. Eigeninnsats kan ikkje reknast med i søknadssum.
    b. ENØK tiltak vert handsama innunder reglar for ENØK fond og grunnlag kjem
    til frådrag i totalkostnad
    c. Tilskot vert vurdert opp imot samla kostnad, størrelse og innhald, samt
    universell utforming ute og inne.
    d. Utleigar har plikt til å leige uti minst 5 år frå den dagen tilskotet vert
    utbetalt.
    e. Bustaden kan leigast ut som fast utleige eller til sesongarbeidarar.
    f. Bustaden kan ikkje leigast ut som fritidsbustad eller som korttidsutleige.
  5. Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis i høve til rekning ved ferdigstilt tiltak.
  6. Tilskotet vert forhaldsmessig avkorta viss rekningssum er lågara enn søknadssum.
  7. Ved brot på føresetnadar for tilskotet skal forhaldsvis del av tilskotet tilbakebetalast.
    Den som får tilskot pliktar å gje melding til kommunen ved endringar som kan medføra
    plikt til attendebetaling av tilskot.
  8. Dokumentasjon, fakturaer og bilete, skal sendast il:
    postmottak@eidfjord.kommune.nomerk: oppgradering utleigebustadar
  9. Retningslinene og dei enkelte tiltaka vert følgt opp med eit skjema som sendast ut
    kvart år med oppfylgingspunkt i høve utleige og erfaringar