Punkt 2.1 gjeld private forslag til detaljreguleringsplan eller endring av gjeldande reguleringsplan etter pbl. kpt 12, med unnatak av pbl. § 12-14 (2) om forenkla planprosess.
Dersom saka gjeld ei endring i eksisterande reguleringsplan, og der endringa kan gjerast med forenkla planprosess etter pbl § 12-14 (2), gjeld pkt 2.2 i staden for grunngebyret i punkt 2.1:
I grunngebyret inngår kommunen sine oppgåver i samband med mottak og kontroll av planforslag og kart, eventuell synfaring, høyring og offentleg ettersyn, dessutan merknadshandsaming.
Følgjande reguleringsføremål vert unnatekne gebyr, og areala for desse skal trekkast frå samla areal for planforslaget: alpinområde og areal til skianlegg som allereie har vore regulert til dette, og som framleis skal vera det i ny/endra plan; offentlege samferdsleanlegg og offentleg teknisk infrastruktur; grøntstruktur; landbruks-, natur- og friluftsføremål; bruk og vern av sjø og vassdrag. Sjå pbl § 12-5 pkt 1, 2, 3, 5 og 6.