Den som får utført tenester som nemnt i denne forskrifta, skal betala gebyr i samsvar med satsane og retningslinene her. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavaren, rekvirenten, forslagsstillaren, eller den som har bede om å få utført det aktuelle arbeidet. Dersom gebyret skal betalast av andre enn dei som er nemnt over, må dette stadfestast skriftleg av vedkomande som skal betala fakturaen.
Kommunen held seg til ein tiltakshavar/rekvirent/forslagsstillar, og vil senda ein faktura. Ved fleire tiltakshavarar, rekvirentar eller forslagsstillarar, vert desse rekna som solidarisk ansvarlege for gebyret.
Dersom tiltakshavar/rekvirent/forslagsstillar av ulike årsaker har betalt for mykje i gebyr, skal kommunen så snart tilhøvet er klarlagt, betala tilbake det beløpet som er betalt for mykje.
Det kan ikkje krevjast rentetillegg ved for mykje betalt gebyr.