Plan- og bygningslova kap. 19 tek føre seg prosessen ved dispensasjon. Ein dispensasjon er eit avvik, eit unntak, frå plan eller føresegn i lova. Ved søknad om dispensasjon vert det etter §19-1 krevd ein grunngjeven søknad og nabovarsling.
Vurdering av dispensasjon
Ved ein dispensasjon skal det vurderast:
- Omsynet bak føresegna det søkast dispensasjon frå, må ikkje bli vesentleg tilsidesett, for fordelane ved å gje dispensasjon må vera klart større enn ulempene. Kommunen si vurdering av om vilkåra er oppfylte, må ta utgangspunkt i grunngjevinga for dispensasjonssøknaden
- Det kan ikkje grunngjevast fordeler eller ulemper knytt til personlege forhold. Det er i utgangspunkt fordeler og ulemper for dei allmenne interessene som skal avvegast.
Etter plan- og bygningslova §19-1 skal regionale og statlege mynder få saka til uttale dersom deira saksområde vert direkte råka av saka, til dømes ved påverknad av kulturminne. Uttalen skal føreligga før det vert gjort vedtak.
Krav til søknad
Ved innsending av ei formell dispensasjonssøknad til kommunen må den omtala:
- Opplysningar om eigedom søknaden gjeld
- Kven som er søkar og tiltakshavar
- Kva du søkar dispensasjon frå
- At dispensasjonen er nabovarsla
Ein dispensasjon vert gjeven av kommunen ved kommunestyret, jf. plan- og bygningslova §19-4, fyrste ledd. Kommunestyre kan delegera si mynde til planutval/formannskap, dette er tilfellet i Eidfjord kommune. Personlege fordeler og/eller ulemper vert ikkje vektlagd. Sakshandsamar i kommunen vurdera om kriteria for dispensasjon er oppfylt, samt vert søknaden sendt på uttale ved behov. Deretter vert saka lagt fram til formannskapet for avgjersla.
Innsending av søknad
Søknad om dispensasjon skal sendast til:
E-post: postmottak@eidfjord.kommune.no
Per post: Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord
Gebyr for handsaming
Ved søknad om dispensasjon vert det teke gebyr etter Eidfjord kommune si gebyrforskrift.
Dispensasjonsrettleiar
Statsforvaltaren i Oslo og Viken har ein dispensasjonsrettleiar som er nyttig lesestoff før ein tek til med søknadsskriving.
Dispensasjonsrettleiar, Statsforvaltar i Oslo og Viken (PDF, 9 MB)