Kva betyr BYA, BTA, BRA og P-ROM?Når du skal byggja bustad, er det greit å ha kontroll over kvadratmeterane og kva du sit med av areal. Publisert av Bjørne Møen Publisert 22.02.2021 16.10 Sist endra 22.02.2021 16.14 Forkorting av ord Noko av det viktigaste du treng å ha kontroll på, er tydinga av forkortingane BYA, BTA, BRA og P-ROM. De viser deg mellom anna kor stort du kan byggja på ei tomt, og kor mykje areal huset vil ta opp av total-arealet til tomta. Begrepa møter du både i husteikningar, og i reguleringsplaner frå kommunen. Hjelp av fagfolk Det som er viktig, er at du får kontroll på dette, tidleg i byggeprosessen. Snakk med forhandlaren din, slik at du får hjelp av fagfolk til å sjå på tomt, huset sitt areal og reguleringsplaner. BYA - Bebygd areal BYA er det arealet bygningen tek av arealet på tomta. Altså heile omrisset av bustaden, sett ovanfrå. Her vert terrasse inkludert (så lenge den er over 0,5m over bakken) og f.eks. biloppstillingsplass. BYA blir særleg viktig å vita om når du skal søkja om byggeløyve. Då ser me på kor stor utnyttingsgrad bustaden har, og kva som er tillete i det området tomta ligg på. BTA - Bruttoareal BTA står enkelt forklart for heile arealet til bustaden, inkludert ytterveggar. Er det snakk om flermannsbustadar, tel du areal til midten av veggen mot nabo eller fellesareal. BRA - Bruksareal BRA er det arealet som er innvendig i bustaden, innanfor omslutta veggar. Dersom bustaden grensar til annan bustad (leiligheit eller tomannsbustad for eksempel), vert skillevegg mellom brukseiningane trekt frå. BRA er dei areala du faktisk kan bruka til noko. P-ROM - Primærrom P-ROM er dei romma du kan kalle opphaldsrom i ein bustad. Det vil sei kjøkken, stova, vaskerom, bad, kjellerstova, soverom og liknande. Trapp mellom primærromma vert òg rekna inn i desse areala. Bod, tekniske rom, uinreidde kjellarrom og liknande, vert ikkje rekna som P-ROM.