Ferdigattest og mellombels bruksløyve

Eit søknadspliktig tiltak må avsluttast med ein ferdigattest. Om det gjenstår mindre vesentleg arbeid kan du søkje om mellombels bruksløyve. Byggverk må ikkje takast i bruk før det er gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest.

Søknaden om ferdigattest må sendast inn av den som har søkt om byggjeløyve. Den må sendast til kommunen seinast tre veker før planlagt ferdigstilling. Er det stilt krav til radonmålingsrapport i gitt løyve, må rapporten liggja føre når du søkjer om ferdigattest.

Søknad om ferdigattest

Søknad om mellombels bruksløyve

Registrering av byggjetiltak som er unnteke søknadsplikt

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller anna bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du gje beskjed til kommunen. Kommunen treng opplysningane for å oppdatera dei digitale karta. Merk at du må lasta opp situasjonsplan.

Meld inn bygning eller tiltak som er unnteke søknadsplikt

Kontakt

Åshild Djønne Eriksen
Konsulent Drift & Forvaltning/Beredskapskoordinator
E-post
Mobil 97 76 71 80