Fyrverkeri og oppbevaring av farleg stoff

Det er tillate å bruka fyrverkeri utan løyve mellom kl. 18:00-02:00 på nyttårsaftan. 

Ynskjer du å bruka fyrverkeri utanom nyttårsaftan, må du søkja om dette. Merk at slik søknad skal sendast til politiet, og ikkje til Eidfjord kommune.

Sal av fyrverkeri

Brannvesenet må gje løyve for å selja fyrverkeri i klasse 2 og 3. Salperioden i Eidfjord er mellom 27.-31. desember, og du må søkja innan 1. mai det året du vil selja fyrverkeri. Søknaden sender du til Eidfjord kommune.


Les om trygg bruk og kjøp av fyrverkeri

Oppbevaring av farleg stoff

Brannvesenet er den primære tilsynsmyndigheita når det gjeld dei aller fleste anlegg som håndterer farleg stoff.


Når ein privatperson eller ei verksemd oppbevarer eller ynskjer å oppbevara farleg stoff over visse mengder, skal det meldast inn elektronisk til DSB via Altinn

Forskrift om håndtering av farleg stoff

Kontakt

Voss Brannvern
E-post
Telefon 56 51 46 80

Mobil: 99 20 71 72 (vakthavande)
Adresse: Postboks 145, 5701 Voss

Kontortid: 08:00 - 15:30

Frede Olaussen
Lokal brannvernkoordinator
E-post
Mobil 97 54 82 05

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00