Feiing og tilsyn Det er Vestnorske feiartjenester AS som utfører feiing og tilsyn på vegne av Eidfjord kommune. Forskrift om brannførebygging frå 01.01.2016 pålegg kommunar å feia alle bygningar som har pipe/eldstad. Fritidsbustadar inngår i denne ordninga. Når kjem feiaren? Feiing/tilsyn skal utførast ved behov. Du vert varsla på SMS før feiaren kjem. Om du er usikker på om me har riktig kontaktinformasjon, kan du sjekka kva telefonnummer me har registrert på deg Kva vert utført? Heile fyringsanlegget (eldstad og skorstein) vert kontrollert. Etter behov vert røykkanal feia. Det vert lagt vekt på brannførebyggjande informasjon om til dømes røykvarslarar, rømmingsvegar, sløkkjeutstyr og rett fyring. Ditt ansvar før feiaren kjem Ha klar ein stige opp til taket Sørgja for at det er takstige Sørgja for fri tilgang til skorstein/pipe og sotluke Dersom feiing ikkje skjer frå tak, må feiaren ha tilgang til røykkanal Pris for feiing/tilsyn Merk at kostnaden er fordelt på 2 og 4 år. Det vil sei at du òg betalar dei åra du ikkje har feiing/tilsyn. Feiing/tilsyn Årsavgift Pris Bustadhus (kvart 2. år) kr 536,- Hytter/fritidshus (kvart 4. år) kr 293,- Feiing/tilsyn av fritidsbustader Sjå kva adresser som skal kontrollerast/feiast dei ulike åra. I fyrste omgang er det alle fritidsbustader innan 250 meter frå køyrbar veg som skal få utført denne tenesta. Feiing/tilsyn i 2019 Feiing/tilsyn i 2020 Feiing/tilsyn i 2021 Feiing/tilsyn i 2022 Feiing/tilsyn i 2023 Fritak for feiing Om bygningen ikkje er i bruk, kan du søkja om fritak for feiing. Pipa må vera plombert, eller omnen må vera fysisk fjerna. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon. Publisert 05.03.2019 09.16