Kva er eit planinitiativ?
Når ein privat aktør ynskjer å endra eller produsera ein ny reguleringsplan, vil dei måtta laga eit planinitiativ som fortell kva føremålet med planen er, innhald og verknader av planen. Dette skal presenteras for planmynden i eit oppstartsmøte, kor planmynden skal ta stilling til planinitiativet som heilskap.
Andre ofte stilte spørsmål i samband med nye reguleringsplanar kan sjekkas her.
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremja forslag til detaljregulering. Dette gjeld også for utfyllande regulering, for konkrete byggje- og anleggstiltak og for arealendringar, jf. pbl. § 12-3 andre ledd
Planforslaget må utarbeidast av ein fagkunnig, og det er visse krav til utforming av planforslaget.
Plan- og bygningslova set klare krav til planprosessen, og er kort oppsummert i kulepunkta under:
-
Oppstartsmøte mellom tiltakshavar og kommunen er obligatorisk i starten av ein planprosess, jf. pbl. § 12-8 Oppstartsmøte skal gjennomførast innan rimeleg tid etter at kommunen har motteke forespurnad om dette frå forslagsstillar. Normalt vert det gjennomført innan 2 veker.
-
Dersom planinitiativet er i strid med overordna planar, må tiltakshavar gjera ei konsekvensutgreiing av avvika, jf. pbl. § 4-2 andre ledd
-
Innan 12 veker skal kommunen avgjera om planframlegget, med eventuelle alternativ, skal fremjast og leggjast ut på høyring/offentleg ettersyn. Om kommunen ikkje vil fremja forslaget, skal kommunen grunngje dette i brev til forslagsstillaren. Ein privat forslagsstillar kan ikkje klaga på eit slikt vedtak, men han kan kreva at kommunestyret vurderer spørsmålet, jf. pbl § 12-8 andre ledd
-
Om planforslaget kan fremjast, må de utarbeida eit planutkast som vert sendt på høyring/offentleg ettersyn. Planoppstart for reguleringsplan og eventuelt planprogram, skal varslast til grunneigarar, naboar og andre råka partar og offentlege organ. Planoppstart må også kunngjerast i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Planprogram er aktuelt i planar som får vesentlege verknader på miljø og samfunn, jf. pbl. § 12-9 fyrste ledd
-
Uttalefrist i ordinær planprosess er minimum 6 veker, jf. pbl § 12-9 andre ledd. I saker som vert handsama etter forenkla reglar jf. pbl. § 12-14 andre ledd, er uttalefrist normalt 3 veker.
-
Etter høyring/offentleg ettersyn vert innkomne merknadar teke stilling til og eventuelt innarbeida i planen. Planframlegget skal sendast til kommunen, men det er ofte svært nyttig med eit møte mellom kommunen, tiltakshavar og plankonsulent før innsending.
-
Planforslaget vert lagd fram til slutthandsaming i kommunestyret. Saker etter pbl. § 12-14 andre ledd er delegert til planutvalet i kommunen.
-
Planinitiativet skal fylgja opp hovudtrekka og rammer i overordna planar.
-
Planinitiativet kan skje som ny reguleringsplan, eller som endring/utfylling av ein vedteken reguleringsplan.
-
Forslagstillar skal leggja til rette for medverknad for alle berørte interesser og myndigheiter.
-
For nokre reguleringsplanar vil det vera krav om ein særskilt konsekvensutgreiing. For dei tilfella skal det utarbeidast eige planprogram som skal på høyring og vedtas av kommunen før planforslaget vert utarbeida.
-
Risiko- og sårbarheitsanalyse skal utarbeidast for alle reguleringsplanar som gjeld utbygging.
Planinitiativet skal i naudsynt grad omtala premissa for det vidare planarbeidet, og redegjøre for fylgjande, jf. pbl. § 12-8:
- Føremål med planen
- Planområdet og om planarbeidet vil få verknader utanfor planområdet
- Planlagt bebygnad, anlegg og andre tiltak
- Utbyggingsvolum og byggehøgder
- Funksjonell og miljømessig kvalitet
- Tiltakets verknad på, og tilpassing til, landskap og omgjevnader
- Forholdet til kommuneplan, eventuelle gjeldande reguleringsplanar og retningsliner, og pågåande planarbeid
- Vesentlege interesser som rørs av planinitiativet
- Korleis samfunnssikkerheit skal ivaretas, mellom anna gjennom å forebyggja risiko og sårbarheit
- Kva for nokre rørte offentlege organar og andre interesserte som skal varslas om planoppstart
- Prosessar for samarbeid og medverknad frå berørte fagmynder, grunneigare, festere, naboer og andre rørte
- Vurderingen av om planen er omfatta av forskritft om konsekvensutredninger, og korleis krava i tilfelle vil bli ivareteke
Vedlegget under synar kommunen sin sjekklista for vurdering av planinitiativ, ein grei rettleiiar:
Sjekkliste for vurdering av planinitiativ (PDF, 115 kB)
Ferdig utarbeida planinitiativ
Ved utarbeida planinitiativ kan ein bestilla eit oppstartsmøte med kommunen. Her vil de få moglegheit til å presentera planinitiativet, og kommunen vil gjera ei tilråing i samband med presentert materiell. Her krevjer kommunen SOSI-fil av planavgrensinga for planendringen.
Tinging av oppstartsmøte
Ofte stilte spørsmål om oppstartsmøte:
Når forslagsstillar er ein annan enn planmynden sjølve, jf. pbl. 12-8, skal alltid planspørsmålet leggjas fram for planmynden i eit møte. Forslagsstillar skal presentera planinitiativ for kommunen. Kommunen skal gje råd om korleis planen bør utarbeidas, og kan om kommunen har behov for å bistå i planarbeidet. Til møtet skrives ett referat.
I referat etter oppstartsmøtet vil kommunen gje si tilråing om oppstart.
Finner kommunen at et privat planinitiativ ikkje bør føras fram, kan kommune beslutta initiativet stoppa. Dette kan seinast skje etter oppstartsmøtet. Beslutninga kan ikkje påklagast, men forslagsstillar kan krevja å få saka forelagt for kommunestyret til endeleg avgjernad.
Ser de det naudsynt for avklaringar i forkant av eit oppstartsmøte, ber me de ta kontakt med planavdelinga for å avtala eit veiledningsmøte.
Innsending av reguleringsplanforslag
Dersom kommunen tilrår oppstart av planarbeidet, vil me i samband med motteke reguleringsplanforslag nytta fylgjande sjekklista som kravspesifikasjon. All formell innsending av planmateriell skal skje til e-post: postmottak@eidfjord.kommune.no.
Kravspesifikasjon med sjekkliste for reguleringsplanforslag (PDF, 277 kB)
VA-rammeplan
Til fyrstegongshandsaming av alle reguleringsplanar skal det inngå ein rammeplan for vatn, avlaup og overvatn for planområdet. Planen skal syna ei prinsippløysing for vatn og avlaup i området i samanheng med eksisterande system. Overvasshandtering og flaumvegar skal synast i rammeplanen.
VA-rammeplan i planarbeid
Allereie regulert?
For å sjå om ein eigedom eller eit område allereie er regulert, kan du gå inn i vår kartløysing. Her kan du søkja opp eit område med stadnamn, eller ein aktuell eigedom ved hjelp av adresse eller gards- og bruksnummer. Dersom eigedomen/området allereie er regulert, kan du lesa om korleis ein endrar ein reguleringsplan her.
Sjå om ein eigedom eller eit område er regulert
Gebyr reguleringssaker
Reguleringsarbeid har gebyrsatsar jf. plan- og bygningslova §33-1.
Gebyr for reguleringssaker