Retningsliner Eidfjord viltfond

Midlar frå Eidfjord viltfond skal vere med å skapa økonomisk bakgrunn for å fremja viltforvaltinga i kommunen. 

Definisjon

Eidfjord viltfond er eit bunde driftsfond som kommunen forvaltar til viltføremål innanfor dei råmer forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort er fastset. Kommunal andel vert å dekkja frå landbruksfondet under føresetnad av valda deltek med sin andel.

Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

Disponering av fondet

Disponering av det kommunale viltfondet er Eidfjord kommune sitt ansvar, og skal brukast til viltrelatert arbeid i kommunen og er ikkje avgrensa til hjortevilt.

Kva kan fondet brukast til?

  • Dekke kommunen sine utgifter til ettersøk, handtering av skadd vilt og fallvilt.
  • Tiltak for å førebyggje skade på landbruksnæring som skuldast hjortevilt.
  • Tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i kommunen og i nabokommunen  gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen sjølv.

Kva kan fondet ikkje brukast til?

  • Kommunen si administrasjon av viltforvaltinga
  • Erstatning for skade som skuldast vilt
  • Skotpremie

Forvaltning

Viltnemda er styre for fondet. Fondstyret kan delegere vidare mynde til rådmann.

Satsar

Satsar for godtgjersla i samband med ettersøk, avliving, ivaretaking og frakt av skadd vilt, samt satsar for omsetjing av vilt som er det kommunale viltfondet si eigedom

  • Honorar for ettersøk, avliving og ivaretaking av skada vilt og fallvilt, er på kr 100,- pr time inkl. arb.gj. avgift
  • Ettersøkshund vert honorert med kr 50,- pr time
  • Differansen for tapt arbeidsforteneste vert dekka
  • Reiseutgifter etter staten sine satsar
  • Når viltet ikkje vert omsett i marka til jeger eller teken på kvote til rettshavar, skal det omsetjast for kr 45,- pr kg inkl. mva.

 

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00