Kommunestyret avgjer:
- om det skal vera alkoholhaldig drikk i kommunen
- om salet skal skje ved eigne utsalstadar (monopol) eller i daglegvarebutikk
- om salet skal skje over disk eller som sjølvbetjeningssal
For alle løyve skal det betalast ei årleg avgift for sal av alkoholhaldig drikk, denne avgifta var i 2016 kr. 1540,- i tilegg kan det krevjast eit ettergebyr i forhald til omsetjingsmengde
I Eidfjord har daglegvarebutikkane salsløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1, pr. 01.01.2017 er det 3 utsalsstadar. I fylgje alkohollova er det ikkje lov å selja alkohol frå kiosk eller bensinstasjon.
Alkohollova inneheld føresegn om normal- og maksimaltid for sal og skjenking av alkohol. Men kommune kan sjølv avgjerda sals- og skjenketidene innanfor makstida. Ein kan ha kortare eller lengre opningstid enn normaltid. Sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 skal skje som sjølvbetjeningssal i daglegvareforetningar og enkelte spesialforetningar.
Sal av gruppe 1 skal vera i samsvar med maksimaltid i alkohollova:
- måndag til fredag frå kl. 08:00-20:00
- kl. 08:00 – 18:00 på dagar før sundag og helligdagar, unnateke Kristi Himmelfartsdag
Sal og utlevering av alkoholgruppe 1 skal ikkje skje på:
- sundagar og helligdagar
- 1. mai og 17. mai
Det er opna for at verksemder som produserer alkohol med styrke under 4,7 volumprosent, for skjenking (konsum på staden) i eiga verksemd, kan få lov å ha eige utsal for sal (til å ta med seg heim). Slike varer kan ikkje seljast andre stadar, ynskjer ein det, må ein verta bryggeri eller produsent av alkohol med statleg løyve.