Tilskot
- Innan mjølkeproduksjonen vil søknader som gjeld omlegging frå båsfjøs til lausdrift ha høgast prioritet. Oppgradering av eldre lausdriftsfjøs bygd før 2000 kan også prioriterast dersom det er få søknader om omlegging til lausdrift. I 2023 kan det løyvast tilskot på 40% eller maks 3,5 millionar.
Om bygget er bygd i tre kan Innovasjon Norge yta inntil kr 400 000 ekstra i tilskot. Det sokalla tretilskotet er altså vidareført i 2023.
- For tiltak i samband med krav til båsfjøs frå 2024, kan Innovasjon Norge yte kring 25-30 % tilskot.
- Innan kjøtproduksjonen kan det vere mogleg å søke om støtte til bygging for ammekuproduksjon og sauehald. For godkjente prosjekt ligg støtta på inntil 30 %. Lønsemda vil vere avgjerande for løyving av tilskot og det er viktig med låge byggekostnader.
- Tilskot til bygging av gjødsellager kan støttast med 25 % av godkjent kostnadsoverslag , inntil kr 200.000. Det er krav om fast toppdekke.
- Tilskot til grovfôrlager kan ytast med inntil 25 % av kostnadane, og maksimalt inntil kr. 300.000.
- Støtte ved generasjonsskifte gjeld for søkjarar under 35 år på søknadstidspunktet og inntil 5 år etter ein har overteke eit bruk. Godkjente prosjekt kan støttast med inntil 40 % tilskot, og gjeld for byggekostand inntil 2 millionar.
Søknad om tilskot til omlegging til lausdrift skal normalt innehalde følgjande: Driftsplan, bygningsteikningar, kostnadsoverslag (dei største postane gjerne med pristilbod), stadfesting om lånefinansiering frå bank, skattemelding og næringsoppgåve, avtale om kvoteleige og jordleige.
Bygdenæring / tilleggsnæring
IN vil prioritere støtte til prosjekt der målet er å etablere tilleggsnæring til tradisjonelt landbruk slik at desse til saman gjev tilfredsstillande sysselsetjing og inntekt på garden.
IN vil kunne støtte tiltak på gardsbruk i aktiv drift der brukaren og familien, eller selskapet dei er medeigar i, står ansvarleg for prosjektet. Dersom jorda er bortleigd, kan utvikling av ny næring i visse høve likevel støttast. Det er eit krav at søkjaren bur på eller nært til garden, og at ressursgrunnlaget for verksemda er knytt til bruket og bygda.
For å kunne gje investeringstilskot til Inn på tunet-prosjekt må søkjar være godkjent Inn på tunet -tilbydar eller ha ein plan for å oppnå godkjenning. Det må liggje føre avtalar med kjøparar av tenestene som kan forsvare investeringane.
Innan reiseliv vil gardstilknytta reiselivsopplevingar kunne prioriterast for investeringstilskot. Grunna marknad- og konkurransesituasjonen vil investeringstilskot til auka overnattingskapasitet normalt ikkje bli prioritert. Unntaksvis kan det gjevast støtte der overnattinga er integrert i gardsturismekonseptet og består av minimum to einingar.
Prioriterte tiltak/områder:
Bygdenæring
- Prosjekt der målet er å etablere tilleggsnæring til tradisjonelt landbruk slik at desse til saman gjev tilfredsstillande sysselsetjing og inntekt på garden
- Småskala grønsakproduksjon
- Mat og drikke med lokal identitet
- Landbruksbasert reiseliv med eit visst omfang og i kombinasjon med aktivitetsbaserte opplevingar
- Inn på tunet
- Bygdesag, foredling av trevirke
Ikkje prioriterte tiltak/områder:
Bygdenæring
- Reiselivsprosjekt som i hovudsak legg vekt på overnatting
- Tradisjonell forretningsmessig tenesteyting utan vesentleg nyskaping
- Bygdenæringar utan eller i liten grad knytt til garden sine ressursar
- Reine serveringsverksemder, skal prioritere prosjekter som set lokalmat på menyen
- Tilskot til generasjonsskifte vert prioritert til tradisjonelt landbruk
- Blomsterproduksjon i veksthus vil ikkje bli prioritert, då hovudmålet med midlane er auka matproduksjon
Støtte til frukt- og bærfelt
Prioritering av søknader
På gardsbruk der frukt- og bærdyrking utgjer, eller vil kunne bli ein vesentleg del av inntekta, kan det løyvast tilskot til fornying og nyplanting av frukt, og dekkesystem for bær. Det er eit krav at søkjaren bur på eller nært garden, og at ressursgrunnlaget for verksemda er knytt til bruket og bygda.
Støtte til planting av bær inkl dekkjesystem og frukt til konsum, sider og saft på gardsbruk i frukt- og bærdistrikta er høgt prioritert.
Nye produsentar må dokumentere sin kompetanse om dyrking. Søknader om støtte til kjølelager for frukt og bær på gardsbruk er lågt prioritert. Arealet som det er planen å fornye/plante, bør normalt vere minst 3 daa.
Nivå på godkjende kostnader og støttesatsar
- Til konvensjonell dyrking kan det løyvast inntil 35 % tilskot til plantekostnader
- Til økologisk dyrking kan det løyvast inntil 50 % tilskot til plantekostnader, men normalt vert det gitt inntil 40 % tilskot
- Ved generasjonsskifte blir det normalt ytt inntil 40 % tilskot
Følg med på https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/landbruk/ for meir informasjon og søknad.