Sysendalen Skisenter

Informasjon Sysendalen skisenter

Referat hyttemøte 2025

17.03.2025 09.53

Presentasjon hyttemøtet 2025

Vedlagt ligg presentasjon frå hyttemøtet 2025. Referat frå hyttemøtet vert publisert så snart det er ferdigstilt.

Presentasjon hyttemøte_til publisering.pdf (PDF, 2 MB)

03.03.2025 17.37

Presisering av kommunestyre vedtaket

Vedtaket frå kommunestyre den 10.2.2025 er ikkje eit nedleggingsvedtak, det er eit vedtak som legg opp til at ein må koma fram til ei løysing i høve dagens avtale. Vedtaket legg og opp til ei avgjerd i høve eigarforhold til grunn og skitrekk. 

Uavhengig av vedtaket i kommunestyret og i etterkant av hyttemøte har det vore ulike samtalar mellom hyttevelforbund, hytteeiagarar, grunneigarar med fleire som kommunen og tek del i framover for å i lag arbeide inn mot ei framtidig løysing for Sysendalen Skisenter.


03.03.25
Magnus Steigedal
Rådmann

03.03.2025 17.21

Hyttemøte 2025

Onsdag 26.2.24 kl 14:00 - 16:00
Eio kultursal, Vøringfoss Hotel

  • Velkomen ved ordførar Timo Knoch  
  • Nytt reinseanlegg
  • Sysendalen skisenter
  • Berekraftsanalyse Sysendalen
  • Info om kultur-/idrettstilbodet i kommunen  


Vel møtt!!

13.02.2025 17.00

Pressemelding: Sysendalen skisenter

Eidfjord kommunestyret vedtok 10.2.2025, å avslutta forhandlingane om ein ny leigeavtale for Sysendalen skisenter. Bakgrunnen er for stor avstand i høve leigesum og forventningar til kommunen som investor i område.  Men kommunen er framleis svært positivt til eit skisenter i Sysendalen.

Vedtaket er ei oppfylging av eit tidlegare vedtak i sak 24/126 der kommunestyret ba om avklaring angåande kjøp eller leige av område innan januar 2025. Forhandlingane om ein ny leigeavtale har føregått sidan medio 2023 utan at partane kom til semje om leigesum eller vilkår.

Økonomisk handlingsrom

På lik linje med mange kommunar i Noreg er kommuneøkonomien òg i Eidfjord under press. I økonomiplanen legg rådmann opp til bruk av disposisjonsfond for å saldera budsjettet frå 2026. Kommunestyret har difor gjeve rådmann i oppdrag «å starta ein prosess der ein når 10 % netto driftsresultat innan 31.12.2026» (jmf. sak 24/148) for å sikra kommunen eit økonomisk handlingsrom framover.

Framtidig løysing ynskjeleg

I lys av denne situasjonen kan ikkje kommunen binda seg opp til betraktelege årlege driftsutgifter og investeringsprosjekt knytt til Sysendalen skisenter. Men kommunen har eit ynskje om å koma fram til ein framtidig eigarstruktur og driftsløysing saman med grunneigarar og næringsliv.

Kjøp av utstyr

Det er verdt å nemna at kommunestyret i same møtet, gjekk inn for å kjøpa snøproduksjonsutstyr frå dagens driftsselskap. Dette for å sikra ein viktig del av infrastrukturen for vidare drift av skisenteret (sak 25/007).

Prosessen vidare

Vedtaket om å avslutta forhandlingane om ein leigeavtale betyr altså på ingen måte ein nedlegging av Sysendalen skisenter. Den gjeldande avtalen legg opp til ein forpliktande prosess framover og me vonar at resultatet vert til det beste for heile Sysendalen!
 

Med venleg helsing
Timo Knoch
Ordførar

11.02.2025 15.50

Informasjon om framtida til Sysendalen skisenter

Gjennom heile 2024 har Eidfjord kommune hatt samtaler for å få ein avklaring for framtida til Sysendalen skisenter. 
I kommunestyremøtet 28. oktober 2024 fatta kommunestyret fylgjande vedtak:

«Eidfjord kommune er svært positiv til å ha eit skisenter i Sysendalen, men Eidfjord kommune ynskjer ikkje å vidareføra kommunal drift av skisenter i 100% kommunalt eige. Grunneigarar og næringsliv må i lag med kommunen koma fram til ein framtidig eigarstruktur og driftsløysing. Om det vert kjøp eller leiga av areal, skal avklarast innan januar 2025.

Ordførar og rådmannen skal informera om prosessen fortløpande og leggja fram sak om struktur på drifta seinast innan april 2025.»

Bakgrunnen for at me ikkje vil vidareføra dagens modell i kommunal regi er ein pressa økonomisk situasjon for kommunen; sjå kapittel 2 til 5 i budsjettdokumentet. 

I tråd med vedtaket vil det verta lagt fram ei sak om ein eventuell vidare leigeavtale i kommunestyremøtet den 10.2.2025.  

Hyttemøte i vinterferien

Me har forståing for at mange er opptekne av framtida til Sysendalen skisenter, både hytteeigarar og fastbuande. Som i fjor vil Eidfjord kommune invitera til eit hyttemøte i vinterferien. Her vil me kunne koma med meir informasjon om vegen vidare. 

Fylg med på kommunen sine kanalar for dato og klokkeslett for hyttemøtet. 

Relevante linkar:

 

Eidfjord 30.12.2024
Timo Knoch
Ordførar

30.12.2024 18.51