Generelt for utleige av kulturbyggBestill utleige ved å nytta bookingskjema på heimesida, om du har behov for hjelp kan du ta kontakt med resepsjonen på kommunehusetLeigetakar pliktar å setja seg inn i føresegner for det lokalet ein leigerLeigetakar må merka seg at ein ikkje kan ta i bruk lokalet før datoen i utleigeavtalenLeigetakar pliktar å levera sjekkliste etter leige av kulturbygg (digitalt skjema)Ekstraordinære utgifter som kommunen har i samband med utleiga skal dekkast av leigetakar etter avtale eller faktiske utgifterAlle leigetakarar pliktar å levera bygget attende i tilfredstillande stand. Dette betyr at alle bord/benkar er vaska og rydda, alle møblar er rydda attende, oppvask er vaska og rydda på plass i skåp, boss og matavfall sortert og fjerna, vindauger og dører er lukka/låstSkadar på bygningar, inventar og utstyr skal dekkast av leigetakar etter ny prisAlt reinhaldsutstyr skal vera sett attende på plassen sin, dersom det manglar reinhaldsutstyr etter utleige vert dette fakturertDersom leigetakar ikkje leverer bygga attende i tilfredstillande stand eller dette medfører ekstra kostnad for kommunen til reinhald, tilsyn eller andre tenester, betaler leigetakar eit tilegg etter desse satsane: Måndag - fredag kr. 300 pr. time / Laurdag - sundag kr. 500 pr. time (minimum 2 timar ved utkalling etter ordinær arbeidstid) + mva. Leigetakar får tilbakemelding før slik faktura vert sendtRespekter røykeforbodet i alle kommunale bygg, snus/sigarettsneipar skal plukkast opp frå uteområdet Publisert 23.10.2019 09.06 Sist endra 21.01.2025 10.16