Samansetjing og funksjonstid
Eidfjord ungdomsråd består av 5 faste medlemmar og 1 vararepresentant. Leiar og nestleiar i ungdomsrådet er også med i Hardanger Ungdomsråd. Det vert halde val innan 1 januar kvart år. Medlemmane vert vald for 1 og 2 år i samsvar med vedtektene for Eidfjord ungdomsråd (PDF, 73 kB).
Korleis arbeider ungdomsrådet
Det er sentralt at ungdomsrådet får tilsendt alle saksdokument som kommune arbeider med. Slik vert rådet eit høyrings- og rådsorgan for kommunen i saker som vedkjem barn og unge. Ungdomsrådet har mange og varierte oppgåver. Dei skal mellom anna vera med å fordela økonomiske midlar til tiltak av interesse for unge. Rådet skal og arbeida for å styrkja ungdomane sitt samfunnsengasjement.
Har du innspel til saker
Har du innspel til saker til ungdomsrådet kan du ta kontakt med leiar av ungdomsrådet eller med sekretær for ungdomsrådet.
Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd
Funksjonstida for ungdomsrådet er endra til at val må haldast innan 31.12 kvart år. Rådet vert konstituert og gjeld for eit år i gongen, det er kommunestyret som konstituerer ungdomsrådet.
Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd
Hardanger Ungdomsråd si heimeside
Eidfjord ungdomsråd på facebook
Hardanger ungdomsråd på facebook