Tilskotsordningar Kunstnarstipend Kva slags tilskot er dette: Kunstnarstipendet er oppretta av Eidfjord kommune og er på minimum kr. 30.000,- Kven kan søkja: Stipendet kan søkjast av kunstnarar og kunsthandverkarar som fyller krav til opptak i ein kunstnarorganisasjon i Noreg eller tilsvarande utanlands organisasjon. Krav til søkjar: Kunstnaren som mottek stipendet må arbeida i Eidfjord kommune i stipendåret. Opphaldet bør strekkja seg over 4-6 veker. Kommunen stiller til rådvelde atelier og bustad i Bergsliskorane Stipendiaten bør inviterast til å halda utstilling i Galleri N.Bergslien, eller utføra anna kunstnerisk formidlingsarbeid i kommunen Stipendiaten får tilbod om opphald i kunstnarbustaden under opninga/monteringa av utstillinga eller i samband med formidlingsarbeid Kommunen ynskjer å byggja opp ei kunstsamling med arbeid av stipendmottakarane. Stipendmottakaren bør difor gje kommunen eit kunstverk frå arbeidsperioden i kommunen. Handsaming: Ein eigen jury, samansett av ein representant frå formannskapet, ein frå rådmannen og ein kunstnar frå Hordaland Kunstnarsenter, vel ut stipendmottakar på grunnlag av vitaliste og 5 innsendte digitale bilete Kunstnarstipendet vert kvart år avgrensa av kommunestyret sitt budsjettvedtak. Unytta midlar vert overført til eige disposisjonsfond Søknadsfrist: 1. mai kvart år, stipendet vert lyst ut i eigne publikasjonar Vedteke i Eidfjord kommunestyre 18.06.03. Arkivsak: 03/00302 Tidlegare tildelingar av Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend Utviklingsstipend Kva slags tilskot er dette: Utviklingsstipend er eit stipend på inntil 25.000,- til innbyggjarar i kommunen innan kunstnerisk utdanning og idrett. Kven kan søkja: Innbyggjarar i Eidfjord kommune som oppfyller fylgjande kriterier: Innbyggjarar som tek kunstnerisk utdanning på høgskulenivå Idrettsutøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett, og for å vidareutvikla seg som utøvar og som stimulans til vidare satsing Krav til søkjar: Det skal leverast ein skriftleg søknad saman med prosjektskildring, tidsramme og budsjett. Søkjaren skal dokumentera studieplass Ved stipend til idrett vert fylgjande kriteria vektlagt: idrettsprestasjon, potensiale og vidare satsing innan idrett. Stipendet vert tildelt utøvarar mellom 16 - 25 år Mottakaren pliktar å nytta stipendet i tråd med søknaden. Dersom mottakaren avbryt utdanninga eller idrettsutøvinga i stipendperioden, pliktar vedkomande å melda frå om dette og betala attende den delen av stipendet som gjeld i denne perioden Handsaming: Det er formannskapet som tildeler stipendet. Formannskapet kan vurdera fleire søkjarar/stipend same året. Stipendet kan tildelast samme søkjar i 1 - 3 år. Søknadsfrist: 15. oktober kvart år, stipendet vert lyst ut lokalt Vedteke i Eidfjord kommunestyre 21.11.2011. Arkivsakid-doknr 11/609-2. Journalpostid 11/5842 Kultur- og eldsjelpris Kva slags tilskot er dette: Kulturprisen skal gå til ein person, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord. Arbeid med kulturminnevern, kulturarv, kulturlandskap og kulturmiljø kan også tildelast prisen. Handsaming: Forslag til prismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg. Endeleg vedtak er offentleg. Det er formannskapet som tildeler prisen. Søknadsfrist: 1. april annakvart år, kultur- og eldsjelprisen vert lyst ut lokalt Retningsliner Kultur- og eldsjelprisen er ei gåve på kr. 50.000,- som vert delt ut saman med blomar og diplom med bakgrunn for tildelinga annakvart år. Prisen vert finansiert av kapitalfondet. Kulturprisen skal lysast ut annakvart år med svarfrist innan 1. april, formannskapet tildeler prisen Kulturprisen vert tildelt einskildpersonar, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord kommune. Arbeid med kulturminnevern, kulturarv, kulturlandskap og kulturmiljø kan også tildelast prisen. Kulturprisen vert tildelt på grunnlag av ei samla vurdering, prisen treng ikkje delast ut kvar gong Framlegg til prismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Dersom avsendar er medlem i formannskapet har vedkomande røysterett i saka, elles gjeld vanlege habilitetsreglar Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg, endeleg vedtak er offentleg etter utdeling Kultur- og eldsjelprisen vert delt ut i samband med 17- mai arrangement Tidlegare tildelingar Kulturfond 1) Kulturfond 2012 er eit kommunalt verkemiddel oppretta for å initiera nyskaping og utvikling innan heile kulturfeltet. Dette gjeld også kulturnæringar her definert som: Kulturaktivitetar som har inntekter frå publikum, og som nyttar betalt arbeidskraft osb. Næringar som framstiller kommersialiserte uttrykk som kommuniserer gjennom estetiske symbol, teikn, bilete, fargar, rørsler, lydar og forteljingar. 2) Midlane skal lysast ut offentleg med søknadsfrist 1.mai. Etter denne fristen tildeler formannskapet inntil 2/3 av midlane. Dei resterande midlane vert tildelt av formannskapet etter søknader gjennom heile året. Eventuelt ubrukte midlar vert tillagt fondet. 3) Det vert gitt tilskot til: a) konkrete tiltak ( gjeld også kommunen sitt innkjøp av kunst) b) prosjektutvikling Dersom det vert søkt om prosjektutvikling som går over meir enn 1 år, skal det føreliggja ein periodisert prosjektplan. Det kan setjast fram krav om dokumentasjon/ rapportering før utbetaling av tilskot eller vedtak om at tilskot vert periodisert. 4) Krav til søknader og sakshandsaminga. Søknadene må innehalda minst følgjande opplysningar: a) Ansvarleg søkjar ( person, ansvarleg selskap, frivillig organisasjon) b) Skildring av tiltaket sin ide og målsetjingar c) Budsjett d) Finansieringsplan Dersom prosjektet går over fleire år, skal budsjett og finansieringsplan vera periodisert. Det er ikkje eit krav at søkjar er busett eller har forretningsadresse i Eidfjord kommune, dersom søknaden elles er relevant. Men heile eller deler av arrangementet skal liggja i Eidfjord. 5) Avgrensingar Kulturfondet skal som hovudregel ikkje nyttast som garanti for lån/ til lån eller som driftstilskot. Det kan som regel ikkje ytast tilskot ut over 1/3 av finansieringa. Kulturfondet skal ikkje vera supplerande finansieringskjelde til andre kommunale tilskotsordningar. 6) Vedtektene skal evaluerast innan utgangen av 2013. Tilskot til kulturarbeidTilskotsordning for unge Lokale kulturarenaer (spelemidlar)Spelemidlar, anlegg for idrett og fysisk aktivitetRegionalt kulturfond Hardanger Publisert 16.01.2019 13.03