SpeedAdmin
SpeedAdmin er kulturskulen sitt administrasjonsprogram. Her er alle elevar, aktiviteter, lærarar osv. registrert.
Det fine med systemet er at du som elev, eller føresett, kan logga deg på og få oversikt over timeplan, gjera endringar i personlege opplysingar, som telefonnummer, e-postadresser, namn osv.
Når du vert registrert i SpeedAdmin skal du få tilsendt eit passord frå kulturskulen. Har du ikkje fått dette, eller det er gløymt, ta kontakt med oss.
Du loggar på slik:
Brukarnamn - eleven sin fødselsdato (ddmmåå)
Passord - vert tilsendt frå kulturskulen (eks. W3Q4E5)
Du kan òg logge deg på ein WebApp via din smarttelefon og lett få oversikt over nyehende, konsertar, timeplan og andre ting.