Eidfjord har fotballbane på grus med bredde 45 meter og lengde 85 meter, denne ligg ved Eidfjordhallen, banen vart bygd i 1981 og er rekna som ordinært anlegg. Det er også ein gressbane for fotball med løpebane i dette området. Denne banen vart bygd i 1979 og er rekna som ordinært anlegg. Det er målsett til å dekke 4 baner og ha ei lengd på 400 meter.
Mellom Samfunnshuset og Lægreid skule er det ein ballbinge oppført i 2003, banen har må 13 x 21 meter. Ballbingen vert rekna som nærmiljøanlegg. I 2019 er det planlagt oppført ein trimpark i samme området. Parken er planlagt av FAU ved Lægreid skule og vert finansiert med midlar frå Sparebankstiftinga, Gjensidigestiftinga og forskoterte midlar frå Eidfjord kommune.
Oversikt over idrettsanlegg i anleggsregisteret