Tilgjenge
Vegen frå RV7 til Tinnhølen svingar seg innover vidda ca. 12 km på grusveg omlag 1200 moh. Vegen er smal og ein må berekna plass til å møtast og sleppa forbi. Tinnhølvegen er ein bomveg og er open i perioden siste fredag før 1 juli, til 1 oktober kvart år. Etter 1 oktober skjer eventuell ferdsel på eige ansvar.
Parkering
Det er mogeleg å parkera på Tinnhølen, her gjeld eiga parkeringsforskrift.
Forskrift om adferdsreglar og parkering (PDF, 110 kB)
Forbodssone telting (PDF, 373 kB)
Retningslinjer for dispensasjon
Forskrifta §8 opnar for at det kan søkjast om dispensasjon frå alle delar av forskrifta. For å få innvilga dispensasjon må det vera særlege grunnar til dette. Retningslinjene inneheld føringar for kva som kan vera “særlege grunnar”.
Det er også informasjon om kva søknaden skal innehalda og kor du skal senda den.
Retningslinjer for søknad om dispensasjon (PDF, 273 kB)
Vinter
Vegen vert ikkje vinterbrøyta, all ferdsel etter 1 oktober skjer på eige ansvar.