Bål og grillingI Noreg har me generelt bålforbod frå 15. april til 15. september, då det er forbode å tenna opp bål og grill i, eller nær skog og anna utmark. Bålforbod I Noreg må alle visa aktsemd og opptre på en slik måte at det ikkje oppstår brann. Dette gjeld alle, heile tida og over alt. I tillegg har me eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september, då det er forbode å tenna opp bål og grill i, eller nær skog og anna utmark. Dette gjeld også på stranda. Brannvesenet kan likevel gje løyve til å tenna bål, dersom du søkjer om dette. Du har lov til å tenna bål der det er opplagt at det ikkje kan starta ein brann. Merk at det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føra til brann. Brot på plikta om aktsemd, eller det ålmenne bålforbodet, kan straffast med bot eller fengsel. Kan eg grilla i eigen hage? Dersom du skal grilla på område langt frå skog og utmark, til dømes i hagar eller på tilrettelagte grill- og bålplasser, gjeld den almenne plikta til aktsemd. Dette inneber at du må vera forsiktig og ansvarsfull, og bålet/grillen må vera fullstendig sløkt før du forlèt staden. Dersom du brukar eingongsgrill, må du hugsa å vurdera brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen vert det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller verta skada av varmen. Set aldri grillen direkte på bakken. Er det lov med bål ved Jonsok? Du må søkja brannvesenet i kommunen din om løyve til å tenna opp jonsokbål. Brannvesenet vurderer kvar det er søkt om å få tenna bål, brannfaren og vêrtilhøva - og kan setja vilkår for løyvet. Den som søkjer om å få tenna bål må òg ha avklart dette med grunneigar. Generelle reglar for bål- og bråtebrenning Det er kun tillatt å brenne reint trevirke, hageavfall som kvist, lauv, gras og liknande Brenning må ikkje skje nærmare enn 8m frå hus, eller 10m frå skog og lyngområde Det er ikkje tillatt å brenne i sterk vind eller i tørkeperiodar Det må takast omsyn til naboar Det må ikkje brennast etter at det er blitt mørkt Vatn til sløkking, hageslange eller fylte bøtter, skal være klart til bruk ved bålet Bålet skal ikkje være større enn at det lett kan haldast under kontroll Det skal alltid vera folk tilstades ved bålet Bålet skal sløkkjast forsvarlig etter at brenninga er over All brenning føregår på eige ansvar Bål og grilling Eidfjord kommune har tilrettelagd for at ein kan nytta medbrakt grill på friområdet i Ostangen. Det er også plassert ein grill til allmenn bruk på badeplassen Kråkeskarvet. Sjekk Meteorologisk institutt sin indikasjon av skogbrannfare Publisert 09.01.2019 11.05