Tilrettelagt transport - TT-kortTransportordninga er eit ikkje lovfesta tilbod til personar over fylte 10 år som bur i Hordaland som ikkje kan nytte vanleg rutetransport og/eller som har funksjonshemming/sjukdom som venteleg vil vare i minst eitt år. Søk om TT-kort Hordaland fylkeskommune sin nettside Der finn du meir informasjon om tenesta, samt søknadsskjema: Eigenerklæring som du fyller ut sjølv Legeerklæring som legen din skal fylla ut Begge skjema må vera fylte ut før søknaden vert behandla. Send søknaden til Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen. Det er Hordaland Fylkeskommune som føretek den vidare saksbehandlinga. Telefon til Samferdselsavdelinga: 55 23 93 63 Publisert 24.03.2019 21.15