Støttekontakt/fritidskontaktStøttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Målet er å gje deg ei meiningsfull fritid saman med andre. I Eidfjord kommune er støttetiltak for born og unge lagt til sosialtjenesta ved NAV kontoret.For vaksne til pleie- og omsorgstensta.Korleis få støttekontakt?Dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla, har krav på bistand.Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren avgjer kva for tenester som skal gjevast, medrekna støttekontakt.Tenesta er gratis.Søk om å få støttekontaktSøknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.Tenesta vert gitt med heimel i:ForvaltningslovaHelse- og omsorgstjenesteloven § 3-2, 6bPasient- og brukerrettighetsloven §§ 1-1 og 7-2 Publisert 24.03.2019 21.13