Parkeringsløyve for forflyttingshemma - rettleiing

Her kan du få hjelp og gode råd når det gjeld utfylling av søknaden, informasjon om prioritering, om bruk av parkeringsløyvet med meir.

Om søknaden

Det er i sjølve søknaden du må få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil sei at du må beskriva kvifor det ordinære parkeringstilbodet på dei stadane du besøkjer ofte, ikkje kan nyttast.

I søknadsskjemaet er det teke med ulike forhold vi ønskjer svar på. Vi rår til at du fyller ut skjemaet nøye, slik at vi får eit godt bilete av dine behov og dermed ikkje treng bruka unødig tid på behandlinga av søknaden din.

Tenk godt gjennom:

  • Kor har du problem med å parkera, og kor ofte er du der (Du må oppgje stadnamn / gateadresse).
    Ver spesifikk. Vi sjekkar alle stadane der det vert opplyst om parkeringsproblematikk.
  • Kvifor det er vanskeleg å parkera der?
  • Kva slag parkeringsplassar finst det der?
  • Kva er det som gjer at du ikkje kan nytta dei ordinære plassane?
  • Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpa deg på desse bestemte plassane?
  • Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, så høyr om du kan få dokumentasjon på dette.

Søkjer du som passasjer?

Det skal mykje til før det vert gjeve løyve til passasjer, sjølv om vilkåra i forskrift om parkering for forflytningshemmede framstår som like for førar og passasjer.

Passasjeren sine behov kan ivaretakast gjennom av- og påstiging, og at førar deretter parkerer bilen på ordinær plass. Der det er naudsynt, kan passasjerane følgjast heilt inn til framkomststaden (t.d. inn på venterom) før sjåføren går ut att og flyttar bilen.

Det kan synast tungvint for familie og faste omsorgspersonar til rørslehemma å nytta denne retten til av- og påstiging. Det kan verka som ei ekstra belastning i dei tilfella ein må flytta motorvogna når det kan henda finst ein ledig plass for rørslehemma.

Det vil likevel vera ei større ulempe for rørslehemma førarar, som kanskje ikkje får utført sine gjeremål viss spesialplassane er opptekne av motorvogner med funksjonsfriske førarar.

Løyve til søkjarar som er passasjer vert tildelt i dei tilfella der vedkomande vanskeleg kan forlatast utan tilsyn, sjølv for kortare tid.  Døme:  Sterkt psykisk utviklingshemma, barn i ein viss alder og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv.
Dette må gå fram av legeerklæring og søknad

Vedlegg til søknaden

  • Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, så legg ved dokumentasjon på dette
  • Søkjer du som førar, må du leggja ved kopi av gyldig førarkort. (Kopi av begge sider av førarkortet).Er du fylt 75 år, må du leggja ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens Vegvesen etter at helseattest er lagt fram.
  • Viss kjøretøyet ditt har rullestolheis eller skinner, må du leggja ved dokumentasjon frå t.d. ombyggjar eller leverandør eller bilete der også registreringsnummer viser.

Om legeerklæringa

Legeerklæringa skal vera fylt ut med opplysningar om din medisinske situasjon, diagnose, kor mange meter du er i stand til å gå utan og med hjelpemidlar  og om du brukar krykkjer, stokk, rullator eller rullestol.
Legerklæringa utgjer det medisinske grunnlaget for vurderinga.

Om prioritering

Søkjarar med avgrensa gangevne og eit reelt parkeringsproblem i samband med bustad, arbeid/ skule og behandling vert prioriterte ved tildeling av parkeringsløyve. Vurderinga vert gjort på bakgrunn av dei medisinske opplysningane frå legen og  det behovet for parkering som du sjølv oppgjev.

Kven blir prioritert?

  • Søkjarar som har rullestolheis eller rampe i bilen vert prioritert
  • Etter forskrifta skal det leggjast vekt på behov for parkeringslette i samband med arbeid / skule eller bustad
  • Det er og klar forvaltningspraksis på at søkjarar som ofte er på helserelaterte besøk, der det er vanskeleg å parkera, vert prioriterte («Anna aktivitet» på søknadsskjemaet)

Kven blir ikkje prioritert?

  • Søkjarar som berre enkelte gongar har behov for parkeringslette
  • Dei som primært har behov i samband med handling og sosiale aktivitetar
  • Dei som i hovudsak kan nytta ordinære parkeringsplassar
  • Dei som har andre alternative løysingar

Om tildeling

Medisinsk vurdering

Er det tilstrekkeleg at legen tilrår innvilging? Svaret på det spørsmålet er nei.

Legen si tilråding når det gjeld vurdering av din medisinske situasjon vert ikkje overprøvd av kommunen, men legeerklæringa utgjer berre det medisinske grunnlaget for vurderinga.

Særleg behov

Forskrifta stiller to likeverdige krav. Ved sida av å ikkje kunna gå eller å ha vanskar med å bevega seg over lengre avstandar (medisinsk grunngjeve og dokumentert ved legeerklæring), så må søkjar også ha eit særleg behov for parkeringslette.

Kva meinast med særleg behov?

Ved vurdering av særleg behov for parkeringslette, har Vegdirektoratet i retningslinene uttalt at vi må vurdera …

  • .. dei konkrete stadane som du må oppsøkja
  • .. om du ikkje kan nytta dei ordinære plassane
  • .. kor ofte du har dette behovet
  • .. om problemet kan løysast på annan måte

Det skal leggjast særleg vekt på om du har parkeringsproblem ved bustad, arbeid / skule og naudsynt aktivitet, her medrekna medisinsk behandling og oppfølging.

Handling, sosiale aktivitetar og problem knytta til bering gjev i seg sjølv ikkje rett til parkeringslette.

Forskrifta legg opp til at vi må bruka skjøn når det gjeld å vurdera kva som er eit særleg behov for parkeringslette.

Grunnlag for vår vurdering

Bruk av parkeringsløyvet

  • Kortet skal ved parkering liggja godt synleg bak frontruta for kontroll
  • Parkeringsløyvet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn deg som eig kortet. Parkeringsløyvet gjeld deg som person – ikkje bilen, og eigar av kortet må alltid vera med i bilen. Misbruk vil medføra inndraging av kortet, og melding til politiet vil bli vurdert.
  • Løyvet må leverast inn når du ikkje lenger disponerer bil, eller når forhold som var grunnlag for tildelinga ikkje lenger er til stades. Løyvet må også innleverast når kortet ikkje lenger er gyldig. Kommunen kan trekkja tilbake parkeringsløyvet ved misbruk eller endra forhold som gjer at vilkåra for parkeringsløyvet ikkje lenger er oppfylte.
  • Tapt eller stole kort skal meldast til politiet. Kopi av tapsmelding / politimelding og nytt bilete skal leverast til Os kommune v/Bestillar- og forvaltarkontoret

Kor kan du bruka parkeringsløyvet?

  • I heile Noreg (EØS-modell)
  • I utlandet – etter reglar, fastsette av det enkelte land
  • På offentlege, ordinære parkeringsplassar for rørslehemma
  • På offentlege parkeringsplassar med avgift. Her kan du parkera utan å betala avgift og utover fastsett lengste parkeringstid
  • Utover fastsett lengste parkeringstid på stadar som er regulert med tidsavgrensa parkering, unnateke der det er regulert med avgrensa tid for rørslehemma
  • På stadar der det er innført offentleg skilta bustadsoneparkering
  • Fritak i enkelte bompengeringar i Noreg. 

Kor kan du ikkje bruka parkeringsløyvet?

  • I strid med det trafikklova, trafikkreglane og skiltreglane seier om stans og parkering
  • På plassar som er reserverte for andre brukargrupper
  • På private parkeringsplassar eller i private parkeringshus

Privatrettslege parkeringsplassar

På privatrettslege parkeringsplassar er det grunneigar som avgjer om personar med parkeringsløyve for rørslehemma skal  ha føremoner og ev. kva føremoner dei skal ha.

Det er difor viktig å vera merksam på reguleringa her, då det ikkje automatisk er fritak frå betaling og maks parkeringstid på desse plassane.