Parkeringsløyve for rørslehemmaParkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader. Godkjenning gjev deg rett til å parkera på offentleg skilta og reservert parkeringsplass. Parkeringsløyve er berekna for bilførar eller passasjer med særleg parkeringsbehov knytt til bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. Rørslehemma som ikkje køyre sjølv, skal som hovudregel køyrast til framkomststaden og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt med parkeringsløyve for å gjera dette. Løyvet vert til vanleg gjeve for 2 - 5 år. Ved ytterlegare behov må ny søknad framsetjast etter utgått gyldig dato. Kven kan søkja? Både førar og passasjer av motorvogn kan søkja om parkeringsløyve for rørslehemma når ein oppfyller følgjande vilkår: Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg over lengre avstandar. Du må kunna dokumentera eit særleg behov for parkeringsløyvet ved bustad, arbeid / skule eller i samband med regelmessig anna aktivitet eller medisinsk behandling Korleis søkja? Fyll ut søknadskjema og legeerklæring: Legg ved bilete i passfotoformat av ny dato. Legg ved kopi av gyldig førarkort om du søkjer som bilførar Legg ved kopi av gyldig ID- kort om du søkjer som passasjer Før du fyller ut søknadsskjemaet tilrår vi at du les gjennom heile rettleiinga for søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma. Vedlagt til søknaden lyt du ha legeerklæring. Kva skjer vidare med søknaden? Det er bustadkommunen som kan gje parkeringsløyve til den rørslehemma. Løyvet kan gjevast for avgrensa tid, maksimalt 5 år, men ikkje for mindre enn 2 år. Ved periodiske behov, kan det likevel gjevast løyve for kortare tid Har du parkeringsløyve og skal søkja på nytt? Ver ute i god tid, og send inn ny søknad med naudsynte vedlegg seinast ein til to månader før det tidlegare løyvet går ut. Klagerett Får du avslag på søknaden, kan du klaga til Eidfjord kommune. Dersom avslaget vert opprettthelde vert klagen send vidare til ei særskild klagenemnd som er oppnemnd av Eidfjord kommunestyre, for endeleg avgjerd. Når vedtak om avslag er gjort i klagenemnda, er Vegdirektoratet neste klageinstans. Søknadsskjema Utfylt og signert søknadsskjema og legeerklæring skal sendast til: Eidfjord kommmune Simadalsvegen 1 5783 Eidfjord Tenesta vert gitt med heimel i: Forskrift om parkering for forflytningshemmede av 01. januar 2017. Forvaltningsloven Kap. IV og V Publisert 24.03.2019 21.14