Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp, same høve som andre til å delta i samfunnet, utan å måtte betala dobbel pris/inngangsbillett. Mot at den funksjonshemma sjølv betalar ordinær billett, får ho/han ta med seg følgje gratis der ein godkjenner følgjekort.
Ordninga skal gje auka tilgjenge til offentlege kultur- og fritidsarrangement, transportmidlar, hotell opphald, frivillige lag og organisasjonar og andre sosiale arrangement. Følgjekort skal fungera som eit verkemiddel til å førebyggja isolasjon og dermed medverka til å gje auka livskvalitet.
Du kan søke om følgjekort dersom du har ein funksjonshemming som gjer at du har behov for bistand til dei fleste gjeremål i kvardagen.
Følgjekortet gjeld og i andre kommunar som har innført ordninga. Du kan ta kontakt direkte med arrangør eller verksemd for å høyra om dei aksepterer følgekort.
- Ordninga med følgekort gjeld for personar med varig funksjonshemming.
- Du må ha trong for følgekort for å kunna delta på offentlege kultur- eller fritidsarrangement, eller for å kunna nytta offentlege transportmiddel.
- Det er ikkje økonomisk prøving av trongen for følgekort, og ordninga er ikkje knytt opp til om søkjar er trygda.
Treng du fleire enn ein følgeperson, må den sakkunnige gjera greie for dette på eige skjema (sjå vedlegg til søknadsskjema). For dei funksjonshemma dette gjeld, vil det visa på følgekortet.
Du vel sjølv kven du vil bruka som følge frå gong til gong. Det kan t.d. vera ein ven, støttekontakt, familiemedlem eller andre. For å kunna vera følge, må vedkomande ha fylt 18 år.
Det er den som treng følge som skal skriva under søknaden, evt. pårørande med fullmakt.
Gjeld søknaden ein under 18 år, må føresette skriva under søknaden.
Ein treng og legeerklæring og bilde i passfotoformat av ny dato
Det kostar ingenting å få følgekort.
Søk om følgjekort
Utfylt og signert skjema, legeerklæring og passfoto skal sendast til:
Eidfjord kommmune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord