Digital søknad
Økonomisk sosialhjelp frå NAV skal sikra deg mellombelse inntekter til eit forsvarleg livsopphald. Den digitale løysinga gjer at du kan søkja heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett. For å søkja sosialhjelp digitalt, må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre tryggingsløysingar som Buypass eller Comfides.
Informasjon om økonomisk sosialhjelp på NAV
Søknadsskjema
Treng du hjelp?
Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringja NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan òg få hjelp på Nav-kontoret i opningstida. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønskjer å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis møta opp på Nav-kontoret eller bruka papirsøknad.