Søknadsskjema pleie- og omsorgstenester
Kven kan søkja
Omsorgsytar, familiemedlemmer eller andre nærståande med særleg tyngjande omsorgsarbeid kan søkja om omsorgsstøtte. Støtta skal gje ein viss kompensasjon til personar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid og stimulera dei til å yta ein innsats. Omsorgstøtte vert nesten alltid kombinert med anna hjelp frå pleie- og omsorgstenestene.
Kommunen avgjer om omsorgsstøtta skal gjevast og kva nivå støtta skal ha. Støtta er ikkje likestilt med løn for utført arbeid.
Kriterium og vilkår
Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Kommunen føretek ei kartlegging og vil etter ei fagleg og heilheitleg vurdering avgjera om støtte skal gjevast. Moment som kan takast med i vurderinga:
- Om det er søkt om hjelpestønad frå NAV
- Om ein utfører mange timeverk pr månad med omsorgsarbeid
- Om omsorgsarbeidet er meir fysisk og psykisk belastande enn vanleg
- Om omsorgsarbeidet inneber mykje nattevåk eller avbrot i nattesøvn
- Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på fritid.
Slik søkjer du
Søknaden vert individuelt vurdert og det vert fatta vedtak for ein tidsperiode. Vedtaket skal alltid evaluerast etter ein gitt tidsperiode.