Heimesjukepleie er ei teneste som etter søknad og vurdering gjev tilbod om sjukepleie i heimen.
Om heimesjukepleie
Heimesjukepleie er helsetenester i heimen til heimebuande personar med trong for nødvendig helsehjelp for å ivareta grunnleggjande behov, ved kort- eller langvarig funksjonssvikt. Det er eit mål å leggja til rette for at brukarar som ynskjer å bu lengst mogeleg i heimen skal kunna gjera det.
Slik søkjer du
Pris
Heimesjukepleie er ei gratis teneste.
Om tenesta
- Brukar vert buande heime med nødvendig helsehjelp og får ivareteke grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonsvikt.
- Førebyggja behov for heildøgns bustadtilbod ved å leggja til rette for at brukarane kan få bu lengst mogeleg i eigen heim.
- Den som mottek tenester skal klara mest mogeleg sjølv og bli minst mogeleg avhengig av hjelp. Prinsippet er hjelp til sjølvhjelp.
Helsetenester i heimen vert tildelt dei som oppheld seg i kommunen og som fyller vilkåra for å få nødvendige helse- og omsorgstenester.
Tenesta vert tildelt for å hjelpa den som av fysiske og/eller psykiske årsaker ikkje greier å ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte.
Må brukar må ha hjelp av helsefagleg personell til:
- Personleg stell og hygiene
- Rørsle og mobilitet
- Oppretthalda ernærings- og væskebalanse
- Nødvendig aktivitet, søvn og kvile
- Respirasjon, sirkulasjon og varmeregulering.
- Hjelp til medikamenthandtering
Har brukar behov for:
- Hjelpemidlar
- Rehabilitering
- Kvardagsrehabilitering
- Psykisk helsearbeid
- Sosiale aktivitetar
- Når søknad er motteken vil leiar for heimetenestene ta kontakt for å avtala heimebesøk.
- Dersom det oppstår akutt behov for nødvendig helsehjelp vil hvelpa verta sett i gang og kartlegging vil verta utført etterpå. Vedtak vert fatta så snart som råd er.
- Brukar får beskjed seinast same dag dersom avtalar må endrast
- Tenesteytar vil samarbeida med brukar om utføring av tenesta
- Alle som mottek helsetenester i heimen ein gong i månaden, i meir enn 3 månader har rett til gratis tannbehandling ved offentleg tannklinikk.
- Søk om pleie- og omsorgstenester
- Gjera deg kjend med innhaldet i vedtaket
- Du må vera tilstade i heimen for å ta i mot tenesta. Det er ein føresetnad at brukar gjev beskjed dersom han/ho ikkje er heime til avtalt tid
- Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skapa ein god arbeidsplass for tenesteytar jf. Vedtektene i arbeidsmiljølova.
- Det er brukar sitt ansvar at heimen er utstyrt med nødvendig og tilpassa utstyr, f.eks. toalettsaker, temperaturmålar , vaskefat mv. til utføring av oppgåvene.
- Brukar må sørgja for at vegen er framkomeleg og trygg uansett årstid.
- Det må vera lys utandørs slik at det er lett å finna fram.
- God hygiene er viktig for både brukar og tenesteytar. Det skal vera flytande såpe og tørkepapir tilgjengeleg.
- Nødvendig tilrettelegging i bustaden må aksepterast, f.eks. hjelpemidlar og ommøblering
- Når det vert søkt om bistand til å administrera medisin må brukar samtykkja til at medikamenthandteringa foregår i samsvar med «prosedyre for legemiddelhandtering til heimebuande»
- Forståing for at akutte situasjonar kan oppstå slik at oppdrag kan verta utsett.
- Brukar som treng akutt medisinsk hjelp. Brukar vert vist til legevakt.
- Fylgje til lege
- Skyss/transport i bil
Om spesielle tenester
Ved behov for observasjon, vurdering og oppfølging av medisinsk behandling, skal det alltid føreliggja medisinsk vurdering frå lege. Dersom dette manglar, skal tildelingskontor/tenesteytar syta for at pasienten får nødvendig legetilsyn.
Det vert gjeve mogelegheit for at brukar som ynskjer det, får avslutta livet i heimen, omgitt av sine næraste. Heimetenesta kan i slike tilfeller utføra ulike tenester.
Heimesjukepleiar kan hjelpa med å ta prøvar og gjera injeksjonar dersom brukar ikkje kan oppsøkja legekontoret sjølv.
- Dei tenester som brukar kan få tilbod om andre stader, vil hovudsakeleg ikkje verta tilbydd. Eksempel er ulike typar blodprøvar, injeksjonar somf.eks. B12. Brukar eller pårørande må sjølv bestilla drosje for at brukar skal kunna koma seg til lege. Dersom det av helsemessige grunnar ikkje let seg gjera at brukar kan få utført desse tenestene hjå lege, må det liggja føre ein søknad på tenesta.
- Måling av blodtrykk, puls og blodsukker er undersøkingar som vert gjort som ledd i ein observasjon. Dette skal grunngjevast fagleg og vera tidsavgrensa.
Heimesjukepleiar kan utføra sårstell i heimen dersom det medfører særleg stort bry for brukar å koma seg til legekontor og når det føreligg fagleg grunngjeving frå lege på at sårstell må utførast av helsepersonell. Sår skal som hovudregel vera vurdert av lege.
Hovudregelen er at brukar skal ta hand om medisinane sine sjølv. Brukar som har stabil medisinering må nytta seg av multidose.
Heimetenesta gjer tilsyn i form a besøk eller telefonoppfylgjing dersom det har ei kokret hensikt og er faagleg grunna. For brukar med tryggleiksalarm vert det i utgangspunktet ikkje tildelt tilsynsbesøk.
Heimetenesta i Eidfjord kan gje tilbod om:
- Tilrettelegging/smørjing av brødmat
- Hjelp til oppvarming av ferdig middag
- Levering av ferdig middag frå Bygdaheimen
- Kartlegging og oppfylgjing i forhold til ernæringsrisiko.
Heimetenestene i Eidfjord kommune kan gje:
- Hjelp til å stå opp og leggja seg og ivareta personleg hygiene
- Hjelp til dusj og hårvask.
- Opplæring i bruk av inkontinensutstyr, stell av stomi, kateterisering og stell av urinkateter
Lovgrunnlag
Helesetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §§3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert ytt i heimen.
Publisert 01.03.2019 12.16
Sist endra 11.04.2024 12.47