Folkehelse, friskliv og meistringFolkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalda, betra og fremja innbyggjarane si helse. Målet er å bidra til ein jamnare sosial fordeling av faktorar som påverkar helsa.Folkehelse handlar om å få flest mogeleg til å oppnå gode opplevingar gjennom året, fri for belastande bekymringar, plagar og ytre skadelege påverknader. Målet er at vekene skal flyta best mogeleg og helsa kjennes god.Alle i Eidfjord skal kunne oppleva ein triveleg kvardag. Me har fleire tilbod for å betra folkehelsa:Babysymjing for born 6 veker - 1 årStyrketrening for ungdomStyrketrening for eldreTrening etter arbeidstidAktivitetssenter på Sæbø skuleEi rekkje merka sti- og turløyperEit variert fritidstilbod Frisklivs og meistringstilbodFriskliv og meistringYnskjer du å oppnå betre helse? Treng du hjelp til å meistre kvardagen? Friskliv og meistring er eit interkommunalt tilbod for innbyggarar i Vaksdal, Eidfjord, Ulvik og Voss herad.Friskliv og meistring - Voss herad Friskliv og meistring på facebookMeir om folkehelsearbeid i kommunane Publisert 01.03.2019 13.16